Variable kostnader

(Oppdatert: 07.02.2017)

 

Kostnadene til eige grovfôr inneheld både ein variabel del og ein fast del. Vi skal først sjå på den variable. Her finn ein kostnader til såfrø, gjødsel, kalk og andre jordforbetrande midlar, i tillegg til konserveringsmidlar til alle slag surfôr. Plast til siloar og rundballar høyrer òg med. Desse kostnadene kan setjast opp i eit enkelt kalkyleskjema. Skjemaet bør setjast opp for ei utrekning av den variable kostnaden pr. FEm pr. avlingsår. Avlinga per daa blir såleis svært viktig for kostnaden, og kan variere mykje frå bruk til bruk. Kostnader frå gjenleggsåret blir fordelt på antal avlingsår. Dette gjeld både frø og kalk. Brukar ein til dømes 3 kg frø pr. daa ved gjenlegg blir den årlege kostnaden 0,75 kg frø pr. daa, dersom ein reknar med å så kvart 4. år. Dersom kalk berre blir brukt i gjenleggsåret, bør denne kostnaden òg fordelast i kalkyla på alle år. Ved fleirgangsbruk av plast i siloar bør ein òg fordele kostnaden på dei åra plasten varar. Kostnader som kjem kvart år, som gjødsel og konserveringsmidlar, blir teke med i kalkyla i det omfanget dei er brukt. I praksis blir kostnadene for handelsgjødsel ofte lågare enn kalkulert, fordi brukarane reduserer gjødselkostnaden ved god utnytting av naturgjødsla.

Det kan òg vere andre kostnader til grovfôr som kan kallast variable, til dømes straum til tørking av høy. Men denne kostnaden er det vanskelig å fastslå, difor tek ein den som oftast heller med blant dei faste kostnadene.

Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning sitt distriktskontor i Bodø utarbeider kvart år ein oversikt over variable kostnader i fôrproduksjonen i Nord-Noreg. Trass i at desse nok er basert på gjennomsnittleg avlings- og kostnadsnivå, kan det vere interessant for grovfôrprodusentar å samanlikne eigne tal med desse. Tabell 1 viser tal for variable kostnader ved produksjon av beite, rundballesurfôr, silo og høy for 2008.

Tabell 1: Variable kostnader i produksjon av ulike typar grovfôr, Nord-Noreg (NILF 2008)

Variable kostnader Nordland, kr/FEm Troms, kr/FEm Finnmark, kr/FEm
Eng til silo, 2 haustingar 1,58 1,63 1,72*
Eng til beite 1,50
Eng til høy 1,60
Eng til rundballar 1,76 1,81 1,90*
Raps og raigras til beite 0,99 1,06 1,15

*kun ei hausting

 

Tilskot

Ved grasproduksjon kan det søkast om areal- og kulturlandskapstilskot. Formålet med denne tilskotsordninga er å styrke og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, bruksstorleikar og distrikt innanfor planteproduksjon og grovfôrbasert husdyrproduksjon. Vidare er det ei målsetjing å drive skjøtsel, vedlikehald og utvikling av kulturlandskapet gjennom aktiv drift og å oppretthalde jordbruksareal i drift.

Nordland og Troms ligg i sone 6 (utanom kommunane Kåfjord, Nordreisa, Skjervøy og Kvænangen) for tildeling av areal- og kulturlandskapstilskot. Finnmark og Tromskommunene; Kåfjord, Nordreisa, Skjervøy og Kvænangen ligg i sone 7. Tilskotssatsane for sone 6 og 7 for 2009 er vist i tabell 2.

Tabell 2: Areal- og kulturlandskapstilskot grovfôr i 2009, kr per daa dyrka mark.

Intervall ant. daa Sone 6, kr/daa Sone 7, kr/daa
0-200 425 455
> 200 239 239

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.