Faste kostnader

(Oppdatert: 07.02.2017)

 

Dei faste kostnadene er dei som ikkje er tekne med under variable kostnader. Grunnen til det er at kostnadene ikkje heng direkte saman med omfanget av produksjonen, og at det er vanskeleg å fordele visse kostnader direkte på kvar einskild produksjon. Ei slik fordeling ville krevje altfor mykje notatar om timeforbruk, fordeling på areal osv.

At det i samband med produksjonen blir bunde opp kapital i bygningar, maskiner og reiskap, påfører produsenten faste kostnader i form av avskrivingar, vedlikehald, rentekrav, forsikring og drivstoff. Nivået på dei faste kostnadene vil variere frå bruk til bruk. Samanlikning av bruk viser at skilnadene lokalt kan være store. Mange produserer grovfôret dyrare enn det kraftfôret kostar. Det er særleg val av maskinpark og bygningsløysingar som slår ut i skilnader i grovfôrpris. Løysingane kan lett bli for kostbare i høve til arealgrunnlag.

Både driftsmessige, tekniske og økonomiske forhold er avgjerande for val av haustelinje. Det er viktig å tenkje mekaniseringslinjer - også innleggings- og uttaksutstyr for silo - og ikkje berre sjå kvar einskild maskin for seg. Alle maskiner bør passe saman, og nye maskiner bør passe inn i eksisterande maskinpark og driftsopplegg. Mekaniseringslinja må skreddarsyast i kvart einskild tilfelle. Ei mekaniseringslinje må ha tilstrekkeleg haustekapasitet, og sørgje for god fôrkvalitet til akseptable kostnader. Av økonomiske forhold er det først og fremst investeringsbehovet og årlege kostnader ein må sjå på, men tilgangen og prisen på arbeidskraft og arbeidsbehovet ved kvar metode er viktig å ha med i vurderinga. Sameleis er spørsmålet om nabosamarbeid, om nytt eller brukt utstyr og om å eige eller leige utstyret høgst aktuelle.

Gardbrukaren si utfordring blir å tilpasse dei faste kostnadene til det aktuelle driftsopplegget. Ved særleg store investeringar, driftsutvidingar og liknande blir vurderinga med omsyn til faste kostnader svært viktig. I arbeidet med å redusere dei faste kostnadene kan altså maskinsamarbeid vere ein veg å gå.

Når ein set opp kostnadskalkyler kan det vere vanskeleg å fastslå kor stor del av dei faste kostnadene som verkeleg skal belastast grovfôrproduksjonen. Bygningskostnader må til dømes delast mellom husdyrproduksjon og fôrproduksjon. Det finst ingen fordelingsnøkkel som kan gjelde for alle bruk. Det som er optimalløysinga for eitt bruk, treng ikkje vere riktig for naboen. Det er viktig at det her blir gjort ei skjønnsmessig vurdering, slik at kostnadsfordelinga blir mest mogeleg reell.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.