Myr- og vegtistlar er toårige plantar med pålerot. Rotsystemet er forholdsvis grunt, og vekstpunktet ligg like under jordoverflata. Formeiring og spreiing skjer berre med frø. Det finst ein del tiltak mot tistlar:

  • Kutting av planten like under jordoverflata. Planten vil då tørke ut og døy. Pass på å kappe under lågaste bladet for å få med vekstpunktet.
  • Kutting av stengelen heilt nede (NB! Ikkje kutt stengelen før blomstring!!)
  • Slåing av tistel med ryddesag, tohjuls slåmaskin eller slåmaskin bak traktor dersom jorda er lagleg (avhengig av omfang og terreng).
  • Kjemiske tiltak (les meir i artikkelen Tiltak mot myr- og vegtistel)

Fjern plantane og evt. brenn dei for å unngå ettermodning av frøa.

Les meir her.

20210708 102955