Ove Sørestrand

Husdyr har alltid vore mi store interesse. Eg var tidleg med i fjøset på morsgarden på Skor i Hyllestad. Tida med handmjølking, som framleis var fleire plassar på 1960-talet, hugsar eg godt.

Fôrbestilling frå fjøsen, fôrkvalitet, prognose for rett slåttetid, avlingsregistrering, tiltak for å nå oppsette mål… Alt dette er omgrep som blir brukt overfor deg som bonde. Felles for alt er at vi som rådgjevarar vil hjelpe deg til å drive garden din best mogleg agronomisk, klimavenleg og økonomisk.

Det er om våren og om sommaren vi legg grunnlaget for grovfôrmengda og -kvaliteten. Det må setjast inn rette tiltak for å få best mogleg resultat i fjøsen! Du som medlem i NLR Vest kan når som helst melde deg på, og såleis tinge gardsbesøk hjå oss. Vi kallar det NLRpluss Grovfôr. Besøk på garden er viktig for å sjå på eng og areal, og dette vil gje det beste grunnlaget for planlegging av tiltak! Ein ting er ein telefon til oss omkring eit problem, men ofte er det viktig å sjå og diskutere problemstillinga på staden. Rådgjevinga vår blir betre på denne måten.

Rådgjevinga vert tilpassa behovet du har på din gard. Om du berre treng litt, litt meir eller mykje rådgjeving gjennom sesongen i år, så er NLRpluss Grovfôr ei hjelp til deg for å auke avlinga og betre kvaliteten på grovfôret ditt. Dette vil sjølvsagt også bidra positivt på økonomien i drifta di. Du vel sjølv kva vi skal ha fokus på, og i kor stort omfang du ynskjer bidrag frå NLR Vest.

Innhaldet i NLRpluss Grovfôr skal tilpassast den enkelte deltakar. Her er nokre aktuelle punkt:

  • Vurdering av gras og jord på ulike skifte – prioritering av tiltak
  • Gjennomgang og evaluering etter sesongen, framlegg til endringar
  • Uttak av fôrprøver – framlegg til endringar, NLR Surfortolken
  • Val av såfrø i gjenlegg, reparasjonssåing
  • Plantevern, plan for bekjemping av ugras i attlegg og i eng/beite
  • Grovfôrøkonomi, vurdering av små og store investeringar, eige utstyr kontra leige; til dømes eige eller leige presse, investere i rake- og vendeutstyr, transportkostnadar, rundball/silo m.m. Vi kan òg ta ein full gjennomgang av grovfôrkostnadane på bruket ditt og sjå kva moglegheiter du har for effektivisering.
  • Rådgjeving omkring kjøp og bruk av presisjonsutstyr

Vi har ein del medlemar som har tinga NLRpluss Grovfôr, men vi tek i mot fleire!

Rapport etter besøk tysdag 07.06.22

Her finn du eit døme på ein enkel rapport etter eit NLRpluss-besøk:
Anders og Per Asbjorn 07 06 22
Bildet er frå eit anna gardsbesøk 7. juni. Vi ser bøndene Per Asbjørn Felde og Anders Felde på Byrkjelo kneståande i 1. års eng av «Vestlandsblanding». Konklusjonen blei at her skal slåast same dag, eller dagen etter, sidan det er meldt regn. Enga er på eit tidleg utviklingsstadium, men i dette tilfellet var det viktig å bli ferdig med ein del slått før regnet kjem, og å få ut noko husdyrgjødsel kjapt.