Har du interesse for landbruk og er opptatt av helse, miljø og sikkerheit?

NLR Vest styrkar rådgjevinga innan HMS og søkjer etter medarbeidar i 100% fast stilling i området indre Sogn/indre Hordaland.

Arbeidsoppgåvar

  • Oppfølging av HMS-kundar ute på gardane
  • Vernerundar, kartlegging av arbeidsmiljø og risikovurderingar
  • Støtte og hjelp til HMS-dokumentasjon og KSL for bonden
  • Halde kurs, fagmøter og føredrag
  • Støtte til bonden i kritiske situasjonar, eller ved behov for tilrettelegging
  • Utviklingsarbeid innan fagfeltet HMS, i samarbeid med andre rådgjevarar

Vi ser etter deg som

  • Kjenner landbruksnæringa
  • Har landbruk eller helsefagleg utdanning, gjerne innan HMS eller anna relevant praksis
  • Erfaring frå rådgjeving eller undervisning
  • Har interesse for HMS, og ynskjer å arbeide for eit tryggare landbruk
  • Kan uttrykkje deg godt og presist, både munnleg og skriftleg

Vi ynskjer at du

  • Er Initiativrik og imøtekomande
  • Kan skape tillit og bygge relasjonar
  • Kan arbeide sjølvstendig og systematisk
  • Kan samarbeide godt med andre

Vi kan tilby

  • Ei sjølvstendig stilling med stor grad av ansvar og fleksibilitet
  • Eit godt fagleg arbeidsmiljø, med gode vilkår for fagleg utvikling
  • God og relevant opplæring i arbeidet
  • Løn etter avtale
  • Gode ordningar for forsikring og pensjon
  • Kontorplassering på Voss eller Leikanger

Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.

Om arbeidsgiveren

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er eigd av 4000 medlemar og er størst innan landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet. Vi skal vere bonden sitt fyrsteval på rådgjeving.

Send søknad med cv til fredrik.fjose@nlr.no eller søk via finn.no