Før dei vanlege årsmøtesakene heldt styremedlem i sentralstyret i NLR, Einar Enger innlegg. Han la vekt på den viktige rolla NLR har for å bygge opp kunnskapen hos bonden og for å formidle nye resultat frå forskinga til bonden. Klimarådgiving er ei av dei viktigaste oppgåvene no. Mange rådgjevarar har gjennomført opplæring, og for mjølkeproduksjonen samarbeider rådgjevarane i NLR og TINE tett for at klimarådgjevinga skal verte samkøyrd og best mogleg.

Rådgjevar i presisjonslandbruk, Gunnstein Dyrdal heldt innlegg om nyhende og moglegheiter som i dag finst for Vestlandsbonden. Det er fleire nye program og digitale moglegheiter som kan gjere arbeidskvardagen lettare for Vestlandsbonden. Innlegget hans kan du også få med deg under den digitale våronnveka.

Det var få spørsmål og drøftingar rundt årsmelding og rekneskap, noko som tyder på at utsendingane og medlemane i krinsane jamt over er nøgde med arbeidet til styret og dei tilsette.

På årsmøtet vart styreleiar Sigurd Reksnes, Stad, attvald som styreleiar i eitt år. Styremedlem Tore Sigurd Fitjar, Fitjar, vart attvald for to år. Ann Mari Bjørnøy, Ålesund, vart vald som ny styremedlem for 2 år, etter Ragnhild H. Eidså, Vanylven, som hadde stilt plassen sin til disposisjon. Ragnhild Eidså vart takka for aktiv deltaking i styremøte, gode innspel og godt samarbeid gjennom to periodar som styremedlem. Erlend Fossen, Sunnfjord, vart vald som 1. vara til styret, Hildegunn Espe, Ullensvang, som 2. vara og Erling Rogne, Ålesund, som 3. vara.

Styremedlemane Olaug Skjerdal, Lærdal, og Magnar Velure, Ullensvang, var ikkje på val i år.

Bjarte Myren, Høyanger, vart vald som ny medlem i valnemnda for tre år.

Dei skriftlege vala vart gjennomført digitalt, ved at alle med stemmerett fekk tilsendt ei link til eit nettskjema for avstemming.

På fyrste styremøte etter årsmøtet vart Tore Sigurd Fitjar attvald som nestleiar i styret.