Det er framleis høg global etterspurnad etter gjødsel. Uvissa rundt gjødselprisane framover ligg mykje på om bøndene i Europa har kjøpt gjødsel for komande sesong endå, eller om dei avventar lågare prisar. Spesielt Aust-Europa har ein usikker oversikt. Det er kjøpt inn unormalt mykje urea som erstattar nitrat i Europa i vinter. Dette legg mindre press på behovet for naturgass som er råvara for ammoniakk som går inn i mykje av gjødselproduksjonen.

Gjodselprisenene ned i starten av 2023
Figur 1: figuren syner gjødselprisane frå 31. mars 2022 fram til januar 2023.

I følgje Yara har gassprisane falle, og er lågare enn forventa. Årsaka er bla ein mild vinter i mellom Europa. Det er god tilgang på gass og det har vore lågt forbruk den siste tida. Det ligg heller ikkje inne forventningar om ekstreme energiprisar i Europa utover i januar og februar. Framleis vil gassprisutviklinga ha stor effekt på nitratprisen i Europa.

Kva med reisten av sesongen?

Kva talar for ein svakare marknad og lågare pris?

  • Globale energiprisar svekkast ytterlegare.
  • Låg etterspørsel etter gjødsel i Europa- lite handel før jul.
  • Europa er godt dekka inn med gjødsel før sesongen.
  • Import av Urea og UAN opp i viktige marknader, AN ned.

Kva talar for ein strammare marknad og høgare prisar?

  • Gassprisen vert høgare enn antatt.
  • Produksjon stengast ned og tilbodet vert lågare.
  • Prisane på nitrat aukar sjølv om etterspurnaden er låg.
  • Me nærmar oss europeisk våronn- udekka gjødselbehov i Europa.
  • Kva om mange har venta med å kjøpe, og me har store udekka behov?