Eit nasjonalt program for jordhelse vart utarbeidd på oppdrag for Landbruk- og matdepartementet til jordbruksforhandlingane i 2020. Der blir det peika på behov for både meir kompetanse og meir rådgiving rundt temaet jordhelse.

NLR og NORSØK har hatt eit godt samarbeid med Føregangsfylke Levande Matjord og prosjektleiar Øystein Haugerud sidan starten i 2010, så det er ikkje eit brått skifte som skjer i praksis. Både NLR og NORSØK har saman med Haugerud arrangert kurs og fagdagar for bønder og rådgivarar i fleire landsdelar over fleire år. Det største samarbeidsprosjektet i 2020 var Landbrukets Økologikongress, Øko 2020, med jordhelse som tema og over 400 deltakarar. Her bidrog også faglaga, Økologisk Norge og Debioinfo.

Nasjonale fagressursar

NLR og NORSØK trapper i 2021 opp arbeidet med kompetansebygging og rådgiving innan jordhelse. Det vil mellom anna bli etablert ei gruppe nasjonale fagressursar for jord i NLR. Dette er rådgivarar med spisskompetanse, som vil delta i eit nasjonalt samarbeid for å formidle jordhelsekompetanse til fleire bønder og rådgivarar gjennom ulike aktivitetar både på nett, og etter kvart på samlingar og ute i felt.

Markdag Alvundeid foto Hilde Hegnes
NLR arrangerer blant annet mange markdagar med fokus på jord. Bildet er frå Ålvundeid i Møre og Romsdal, der rådgiver Maud Grøtta i Landbruk Nordvest underviser om jordstruktur, markganger, røtter og knoller på belgvekster. Til venstre står eit penetrometer. Det brukes til å måle kor stor motstand jorda har mot gjennomtrenging. (Foto: Hilde Hegnes)

NLR og NORSØK fortset også samarbeidet om jordfaget gjennom prosjektarbeid og gjennom felles arrangement. Jordlappen og andre metodar for å gjere gode vurderingar av jordhelse skal vidareutviklast og tilpassast fleire jordtypar og klimatiske forhold. Her er Reidun Pommeresche i NORSØK ein nøkkelperson saman med rådgivarar i ulike regionar.

Faglege nettverk

Det skal også byggast faglege nettverk med andre fagmiljø i Norge og i utlandet. Det er stor interesse for jordhelse både i tunge fagmiljø og i fagmiljø som arbeider meir direkte knytt til landbruket med utprøvingar av ulike metodar. Å dele informasjon og skape ein god dialog melom ulike fagmiljø med ulike tilnærmingar til jordhelse blir både spennande og viktig i åra som kjem.

Landbruket og bøndene disponerer eit areal og ein naturtype med stort potensiale både for negativ og positiv utvikling. Me treng å driftsopplegg og løysingar som gir ei meir robust og sunn jord som kan takle både meir tørke og meir flaum. Karbonlagring i jord er også eit viktig mål. Her blir det ulike behov for ulike løysingar avhengig av jordtype, og det blir viktig å utvikle innsikt og løysingar for både mineraljord og organisk jord.

NLR og NORSØK sitt arbeid med jordhelse skal komme både konvensjonelle og økologiske bønder til gode, og det skal også koplast til arbeid med klima og miljø.

God jordhelse er grunnlaget for god avling av høg kvalitet

Kva som skal til for at jordhelsa blir betre på den enkelte gard kan variere. Difor er det viktig å skaffe seg god kunnskap gjennom å lese, delta på kurs og markdager og bruke den regionale rådgivinga.

Nokre faktorar er naturgitte, som jordtype og klima. Har du skarp sandjord og turt klima er det andre utfordringar enn om du driv på myrjord i det våte kystlandskapet. Men det er også menneskeskapte faktorar eller faktorar ein kan endre på. Her kjem pH, drenering, vekstskifte, plantesamansetjing og redusert jordpakking inn som aktuelle tiltak. Her er det viktig å finne fram til minimumsfaktorar og mogelegheiter på det enkelte bruk.

Denne artikkelen er henta frå fagbladet Økologisk Landbruk nr. 4-2020. Der kan du lese meir om aktivitetane innanfor jordhelse, mellom anna Underbuksekampen 2020, der bønder over heile landet grov ned underbukser for å sjekke livet i jorda si.