Arealet som dyra gjekk på var hausta (2. slått) 2 dagar før saueflokken var slept inn. Fôret vart rundballeensilert med Xtrasil som ensileringsmiddel.

Flokken på rundt 300 dyr var henta frå utmark og slepte inn på enga om lag kl. 17. Litt etter kl. 19 vart fleire sauer funne daude på jordet. Resten vart straks hatt inn i fjøset. Nokre sterkt medtatte dyr døydde under inntransport, og ytterlegare 2 dyr døydde i løpet av natta. Resten kom seg att inne i fjøset. Totalt døydde 2 lam og 23 vaksne sauer. Veterinær vart tilkalla. Han vurderte ulike diagnosar og gav behandling til eitt av dei medtatte dyra utan at det gav umiddelbar respons.

Obduksjon av eit par av dyra var gjort eit drygt døgn seinare. Blodansamling i brysthola er gjengs ved akutte dødsfall. Blodet var markert mørkt av farge. I tillegg var slimhinnene gråcyanotiske og løpeslimhinna var påkjent. Funna tyder på lite oksygen i blodet. Nokre vevsprøver vart sendt inn til analyse, svar har ikkje komme.

Dyra hadde normal oppførsel da dei kom heim til jordet. Moglegheita for giftige vekstar både i utmark og på jordet er gjennomgått utan at ein har funni gode teoriar. Det var brukt normale gjødselmengder, 12 kg N om våren og 8 kg N om sommaren.

Interessante observasjonar var gjort om oppførselen til dyra då dei kom inn på jordet. Dei samla seg i grupper og kjempa om noko på bakken. Der sauene samla seg viste seg å vere dei plassane rundballane var påført garn og plast. Det var brukt Biopresse, som både presser og pakker i same kammer. Sauene hadde gravd og sleikt så det var groper i bakken. Jorda hadde tydeleg vore av større interesse enn graset. Kvar plass var det to groper i jorda ved sida av kvarandre med om lag 60 cm mellom. Dette samsvarar med talet på dyser og avstanden mellom dei på rundballepressa. Det står som heilt klart for oss at sauene har vore svært ivrige i å få tak i rester av Xtrasil som hadde hamna på og i jorda. Observanten såg at dei vaksne sauene vann kampen mot lamma. Det kan forklare at det var fleire av dei vaksne som døydde.

Xstrasil og sau
Gropar etter der kor dyra hadde gravd, Fotograf: Gunnhild Overvoll

I lag med dyreeigar og veterinær har vi prøvd å finne ut av hendinga. I vår søken etter kva som kan resultere i eit slikt massivt, akutt dødsfall for sauene, har vi eliminert andre årsaker. Vi mistenkjer no at Xtrasil som sauene har sleika opp frå bakken har forårsaka den akutte forgiftinga.

Lokal veterinær Gunnar Valdal seier obduksjon og klinikk indikerer ei akutt nitrittforgiftning. Kofasil og Xtrasil inneheld nitritt. Nitritt er ekstremt giftig for sau sjølv i små mengder og fører til at hemoglobinet i blodet blir omdanna til methemoglobin som ikkje kan ta opp oksygen. Oksygenmangel vil dermed drepe dyret. Ved ei blodprøve av sjuke eller nyss daude dyr kunne ein ha stått enda støare i diagnosa på nitrittforgiftning. Kva dose som er for mykje skal vere vanskeleg å sette, da LD50 for nitritt vil variere mykje etter ulike miljøfaktorar.

Det er kjent, og opplyst på etiketten, at rundballar med Xtrasil og Kofapreparat ikkje skal opnast og brukast før minst fire veker etter innhausting. Som eit føre var må vi på grunnlag av det beskrivne tilfellet gå ut med ein advarsel mot å sleppe dyr inn på nyleg hausta areal der det er nytta Kofasil/ Xtrasil som ensileringsmiddel.