Sauhus i heltre. Tiltakshavere Julie Ånesbug og Filip Bakke i Steigen kommune

19.12.2019 (Oppdatert: 19.12.2019) Hallgeir Gravelsæter, Roger Østvik

I starten av 2015 starta me planlegging av nytt sauhus til Filip Bakke og Julie Ånesbug i Steigen, Nordland. Etter å ha drifta i bygget i snart 3 år har Filip og Julie gjort seg ein del erfaringar. Dei var litt spente på kalde vinterdagar kva temperaturen kunne vera inne i bygget. Sjølv med 10-12 minus ute har dei ikkje opplevt frost inne i bygget.

Fotograf: Julie Ånesbug & Filip Bakke

Planleggingsfasen

I starten av 2015 starta me planlegging av nytt sauhus til Filip Bakke og Julie Ånesbug i Steigen, Nordland. Dei hadde rund 200 vinterfora sau fordelt på fleire bygg og ønskja å få samla produksjonen i eit bygg, samt auke produksjonen. Fleire løysingar vert vurdert før ein landa på eit forslag som ivaretok dei fleste ønskjer og kom ut med eit kostnadsoverslag som kunne forsvarast av det aktuelle dyretallet. Forprosjektsteikningar og kostnadsoverslag vart levert våren 2015 og det var klart for å starte med finansieringa.     

 

Byggeprosessen

Oppstart på byggeplassen med gravearbeider startet i juni 2016. Gravearbeider og betongarbeider ble utføret av tiltakshaver med gode hjelpere i familien. November samme året begynte montering av heltre overbygg fra Riska sagbruk, de stilte med håndverkere som hjelp tiltakshaver de 2 første ukene med montering. Til lamminga våren 2017 var det meste av bygget ferdig, en manglet strøm i bygget som kom på plass senere på året. Før byggearbeidene startet på byggeplassen hadde Norsk Landbruksrådgivning (v/Landbruk Nord) prosjekter betongarbeider og Riska sagbruk prosjekter overbygget av heltre. Begge aktørene hadde tett samarbeid i prosjekteringsfasen slik at betongkonstruksjonen passet til overbygget av heltre.

Fotograf: Julie Ånesbug & Filip Bakke

 

Bygningskonstruksjon

Bygget som er satt opp på ei nærmest flat tomt har gjødselkjeller med kanalomrøring under husdyrrom. Pumpekum/omrører står på ene langveggen.  Golv på grunn i forsentral samt rett innenfor porter i langvegg. Overbygg i heltre med pløyd veggplank tykkelse 100mm montert mellom heltresøyler. Buntet takstoler montert på heltresøyler, taktro med plank tykkelse 100mm montert på tvers av buntet takstoler. Naturlig ventilasjon med uttrekk i møne over husdyrrom og inntak i raft begge langvegger i husdyrrom. Biromsavdeling i første etasje med kontor, inngang og sanitærrom.

Fotograf: Julie Ånesbug & Filip Bakke

 

Erfaringer

Etter å ha drifta i bygget i snart 3 år har Filip og Julie gjort seg ein del erfaringar. Dei var litt spente på kalde vinterdagar kva temperaturen kunne vera inne i bygget. Sjølv med 10-12 minus ute har dei ikkje opplevt frost inne i bygget. Det er lagt opp til sirkulasjon på vatn for å vera heilt sikker på at det ikkje blir eit problem med vatn. Klimaet inne er dei veldig fornøyde med. Det er mykje skifting i været på vinteren, men det held seg stort sett veldig tørt og fint. Ei lita ventilasjonsvifte vurderast satt inn for å skape litt sirkulasjon i lufta når det er vêromslag og heilt stilleståande luft ute. Med naturleg ventilasjon vert det veldig roleg inne og treverket gir ein god atmosfære og lite lukt i bygget.

Gjødselsystemet med kanalomrøring fungere bra og gir lite lukt. Eit lite problem har vore fôrrestar som dras utav fôrkassane og ned i gjødselkanalane. Dette bygger seg opp og følgjer ikkje med i sirkuleringa. Dei har måtta vore inne med ein propell for å røre det opp.

Den største utfordringa har vore fôrkassane som ikkje har fungert etter ønskja. Etter innlegging av nytt fôr må det passast på ei god stund for å sjå at dyr ikkje sett seg fast, og er unødvendig tidsbruk. Dei synes også at det er i overkant mykje fôrsøl frå kassane.

Elles er dei veldig fornøyde med bygget og løysingane generelt i bygget. Godt miljø i bygget og rasjonelle løysingar.

Fotograf: Julie Ånesbug & Filip Bakke



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.