Slik er jorda i Noreg

18.02.2018 (Oppdatert: 19.06.2018) | Nyhet

I ti år har kartleggjarar frå NIBIO reist land og strand rundt med jordbor for å kunne fortelje oss meir om eigenskapane til jorda i landet vårt. For første gong er det lagt fram ei samla oversikt over jorda i Noreg.

Are Johanesen og Siri Svendgård Stokke på feltarbeid på Vestvågøy. Foto: Åge Nyborg.

 Eit omfattande feltarbeid i perioden 2006-2016 har gitt eit stort datamateriale som no er samla i rapporten Jordsmonnstatistikk Norge. Rapporten vart presentert på NIBIO-konferansen 14. februar.

- Målet er at denne kunnskapen skal vere til nytte i utforminga av regional og nasjonal landbruks- og matpolitikk, seier jordkartleggjar Siri Svendgård-Stokke. Ho har leia arbeidet med utgreiinga.

- I ei tid med aukande utfordringar knytt til matproduksjon, klima og energi, vil informasjonsbehovet for planlegging og beredskap vere aukande, seier ho.

 

Grunnlag for planlegging og politikk

Det er viktig å kartleggje jordeigenskapane for å gi eit best mogleg grunnlag for kunnskapsbaserte avgjerder. Slike nasjonale jordsmonndata kan brukast i overordna agronomisk planlegging og i arealprosessar, og i risikovurderingar knytt til klima og miljø.

- Endeleg har vi fått ein nasjonal statistikk som viser jordas eigenskapar rundt i landet vårt. Kartlegginga gir verdfull informasjon for å meine noko om matberedskap og føresetnadane for auka matproduksjon på nasjonalt nivå, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ein kommentar.

Han legg til at kunnskap er eit viktig verktøy for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken.

 

Jord er ikkje berre jord

Kvaliteten til jorda og hellinga på arealet speler ei rolle for kva avlingspotensial jorda har. Det er også vesentleg for kva slags tiltak som bør settast inn for å betre produksjonsevna. Siri Svendgård-Stokke forklarer:

Areala er inndelt i tre klassar, svært god, god og mindre god jordkvalitet. Vi har sett på landet under eitt, og inndelt i seks regionar. Ikkje overraskande, men no stadfesta, fann vi den beste jorda på det sentrale Austlandet, på Jæren og langs Trondheimsfjorden. I desse områda er det og samanfall mellom den beste jorda og stadene der det bur flest folk. I dei same områda finn vi heile 75-100 prosent jord av svært god kvalitet.

Ifølgje NIBIO-kartleggjaren er det i desse områda godt grunnlag for mange ulike vekstar, mellom anna korn. Her ligg både jordeigenskapar og klima godt til rette for eit variert jordbruk.

Vestlandet og Nord-Noreg er dei to regionane som kjem dårlegast ut når det gjeld jordkvalitet. Jordsmonnet her er mest av alt eigna til grasproduksjon, seier ho.

Svendgård-Stokke er nøye med å presisere at statistikken som no er lagt fram om matjorda i Noreg er estimat basert på at utvalde område i landet er undersøkt i felt. Ved at nok flater er valde ut i ulike regionar, gir statistikken eit representativt bilete av heile landet.

Sjå figur 1 nedanfor for jordsmonn med ulike kvalitetar fordelt i landet.

 

Grøfting på dagsorden

Jordsmonn har ulik evne til å forsyne planter med nok vatn til rett tid, og til å bli kvitt overflødig væte i periodar med mykje nedbør.

I rapporten er det og gjort ei inndeling av areala etter jordas evne til å frakte vekk overflødig vatn, saman med hellinga på terrenget. Desse to faktorane er avgjerande for produksjonsevne og avlingsnivå.

Sjølvdrenert jord vil vere ein stadig større fordel i eit framtidig meir nedbørrikt klima. For landet sett under eitt, er det estimert at litt under halvparten av den dyrka jorda er sjølvdrenert, seier Svendgård-Stokke.

Innlandet skil seg ut med størst del av sjølvdrenert jord i landet. Austlandet har den lågaste. Her er store delar av jorda i klassen ‘grøftebehov og flatt.’ Størst funn i denne klassen er gjort langs kyststripa frå Sørlandet og Rogaland, via Vestlandet, til sør i Nordland og ved Trondheimsfjorden pluss Oslofjorden. Sjå figur 2 for landsoversikt over dreneringsforhold.  

 

Organisk materiale er jordas svamp

Innhald av organisk materiale i jordsmonnet har stor innverknad på fysiske, kjemiske og biologiske forhold i jorda. Eit høgt innhald av organisk materiale gir ofte høgt vassinnhald i jorda, og låg bereevne. Det er generelt mykje organisk materiale i norsk jord samanlikna med andre delar av verda.

I utgreiinga har vi delt inn jorda i Noreg i seks klassar med omsyn til innhald av organisk materiale. Inndelinga er gjort utifrå mengd organisk materiale i overflatesjiktet og kor tjukt dette laget er, fortel Siri Svendgård-Stokke.

Vel 70 prosent av den dyrka jorda i Noreg er estimert til å vere i klassen annan mineraljord, det vil seie at jorda har mindre enn seks prosent organisk materiale i øvste sjikt. I slik jord med lågt innhald av organisk materiale er det eit potensial for å auke karbonlagring i jorda ved å tilføre meir organisk materiale gjennom til dømes jordbearbeiding, biokull, husdyrgjødsel.

Rundt 90 prosent av denne typen jord finst i regionane Austlandet og Innlandet. Sjå oversikt i figur 3.

 

Kontaktperson ved NIBIO

Siri Svendgård-Stokke, avdelingsleiar for Jordkartlegging, divisjon Kart og statistikk, NIBIO

Telefon og e-post: 47 81 40 11 / siri.svendgard-stokke@nibio.no

 

Tekst og bilete kan brukast fritt mot å vise til NIBIO. Det gjeld og stoff frå vedlagte nyheitssak i lenka under.

 

Lenker

 

 

Figur 1: Jordkvalitet (%)

 

Figur 2: Dreneringsforhold (%)

 

Figur 3: Organisk materiale

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.