• Fiks det som ikkje fungerte i fjor
  • Sjekk kjøre- , bremse- og blinklys
  • Sjekk dekk for rifter, sjekk felg for skader og sjekk lufttrykk.
  • Smør smøreniplar hjulnav, eventuell kanon, kraner og pumpe.
  • Sjekk oljenivå girkasse. Bytte olje?
  • Sjekk samtidig at stengeluker og to- eller treveiskraner lar seg bruka. Det er enklare å finne ut at det ikkje fungerer og reparere før vogna er full
  • Tapp i litt vatn og sjekk at pumpe, spreiar og kanon fungerer og at det ikkje er lekkasje.
  • Sjekk at hydrauliske slangar er tette og fri for skader.
  • Smør kraftuttaksaksling og dra den frå kvarandre. Ha olje/lanolin på/inni dei to akslingane. Smør også aksletappane.
  • Sjekk at vernedeksel er heilt og at kjettingane fortsatt heng på i begge endar og kan brukast.
  • Og det viktigaste av alt: reingjer bakruta slik at den ALLTID er lukka. Det tek 1 minutt å vaske glaset. Det tek minst ein dag å vaske ei hytte full av lort.

Eit par tilps til sjølve køyringa:

  • Ha hørselvern i traktoren lett tilgjengeleg dersom du må ut og oppi pumpetraktoren.
  • Ha med eingongshanskar for eventuelle problem ute på jordet
Gjodselspreiing Foto Annlaug Fludal
Foto: Annlaug Fludal.