Mange har tatt steget frå fôrhaustaren til totrinnshausting med slåmaskin og rundballepresse eller anna haustereiskap. Når det gjeld køyremønsteret kan ein med fordel legge det opp annleis med slåmaskin, enn kva ein har gjort med fôrhaustaren.

Våt sesong

I ein sesong som vi har hatt, og framleis har i år, så er det utfordrande å hauste graset og samtidig skåne jorda mest mogeleg. Ein del kan gjerast med lett utstyr, men krav til effektivitet gjer at ein viss storleik vil det være på utstyret i moderne jordbruk. Køyremønster kan være med på å redusere belastinga i enga.

Rette drag

Rette drag vil alltid være det mest effektive køyremønsteret. I den ideelle verda skulle ein hatt skifter som har veg rundt heile, slik at ein kan køyre over skifte i rette drag utan å svinge i det heile. Slik er sjølvsagt ikkje realiteten, men ein kan prøve å nærme seg noko av det. For å få til rette drag, må ein etablere vendeteigar, slå tre/fire rundar rundt slik at ein får plass til å snu i kvar ende. Ved å bruke denne metoden slepp ein at det blir mykje små korte drag midt innpå skifte. Å køyre rundt og rundt, slik som ein gjerne gjorde med fôrhaustaren, fører til ekstra pakking og eventuelle køyreskader. På ein vendeteig kan det i mange tilfelle være meir køyresterk jord som toler meir køyring.

Finne dei beste draga

Ynskjer ein hjelp til å finne dei mest effektive draga, så finst det hjelpemiddel på internett. GOE-BIRD er eit eksempel. Denne sida er gratis, ein må berre lage seg ein konto. Her kan ein laste inn eller teikne inn sine skifter, velje arbeidsbredde og få opp forslag til kva som er mest effektivt køyremønster. Dette kan ein bruke som ei rettleiing når man kjem ut på skiftet, dei som har autostyringssystem kan ta ut ei fil og laste desse inn i systemet.

GD koyremonster tabell
Programmet lagar tre forslag til køyremønster og ein kan lage sitt eige ved å sette retninga sjølv. Skjermdump frå GEO-BIRD.com.
GD Koyremonster bilde
Her har vi valt eit av forslaga. Skjermdump frå GEO-BIRD.com,