Dei siste åra er det oppdaga to nye tørråterasar i Norge. Desse er mykje meir aggressive enn vi er vant til. Den eine av rasane kan vere resistent mot tørråtemiddelet Revus. I Møre og Romsdal har vi vanlegvis klart oss med få tørråtesprøytingar i forhold til andre delar av landet, men den nye situasjonen krev at ein er meir påpasseleg både med forebyggande og kjemiske tiltak.

Tørråte i Norge har så langt hatt forholdsvis stor genetisk variasjon og ikkje høyrt til ein spesiell rase. Elles i Europa er det registrert fleire ulike rasar som er meir einsarta genetisk og meir aggressive. Den første av desse rasane som vart oppdaga i Norge heiter EU41_A2. Dette er ein rase med mykje høgare sporeproduksjon enn det vi er vant til. Det vil seie at under gunstige forhold vil den spreie seg fortare, og åkeren vil bli smitta og gå ned forholdsvis raskt. Fleire kraftige tørråteangrep i 2022, mellom anna i Trøndelag, skuldast denne rasen. På Austlandet er det og gjort funn av rasen EU43_A1. Frå Danmark er det registrert at denne rasen kan vere resistent mot Mandiopropamid, som er virkestoffet i Revus og Revus Top. Bentiovalikarb, som er eitt av virkestoffa i Zorvec Endavia, har same verknadsmekanisme som Mandiopropamid Det vil seie at det ikkje hjelper mot resistens å veksle mellom Revus og Zorvec Endavia.

Viktig å tenke førebygging

Som vi kjenner til frå autorisasjonskurset er bruk av kjemiske middel berre ein del av plantevernet. For å ha best muleg kontroll på tørråte er dei forebyggande tiltaka også viktige.

Bruk av smitta settepoteter er oftast det som set i gang eit angrep tidleg i sesongen. Ein åker som har hatt eit etablert angrep av tørråte bør difor ikkje brukast til settepotet. Nye, sertifiserte settepoteter er ikkje garantert frie for tørråte, men sjansen for smitte skal vere låg.

Eit godt vekstskifte er ein viktig del av tørråtekampen. Har det vore etablerte angrep i åkeren, kan det ligge att smitta knollar i jorda som spirer neste år og startar eit tidleg angrep. Ein kan også risikere at tørråten dannar kvilesporar som vil overleve i jorda i fleire år.

Val av sortar som er sterke mot tørråte, er ofte nemnt som eit tiltak mot tørråte. Dette gjeld om ein har dei «gamle» tørråterasane, men for dei nye rasane gjeld ikkje dette nødvendigvis. Ein har sett at sortar som er oppgitt som sterke mot tørråte i tabellane, får harde angrep av dei nye rasane. Vi treng difor ny kunnskap om resistens mot tørråte, og nye sortar som toler dei nye rasane.

Pass også på potet i avfallshaugar og ugraspotet som spirer i andre kulturar slik at desse ikkje står og spreier smitte.

Val av middel

Det norske funnet av EU43_A1 var ikkje resistent mot Revus. Det er difor ingen grunn til å kutte ut Revus. Men vi bør ha i bakhovudet at denne rasen kan bli resistent.

På grunn av dei nye tørråterasane er det enno viktigare enn før å komme i gang med sprøyting til rett tid, sprøyte forebyggande, halde anbefalte intervall og ikkje vente til ein ser angrep. Det blir anbefalt å komme i gang med sprøytinga før radlukking, sjølv om det ikkje er varsla angrep. Dette for å få dekning nede i bestandet, noko som blir vanskelegare og krev meir av sprøyteteknikken når radene har lukka seg. Husk at ingen av soppmidla bevegar seg nedover frå der dei treff planta.

Blande og veksle

Sidan det har kome tørråte som kan vere resistent mot Revus blir det anbefalt å bruke Ranman top på første sprøyting dersom det ikkje er primærsmitte i åkeren. Dersom ein mistenker smitte frå settepoteter eller jord, er det aktuelt å bruke Zorvec Endavia eller Proxanil (+ Ranman top eller Revus).

Vidare utover sesongen er det viktig å ikkje sprøyte fleire gonger på rad med same middel, men veksle mellom Revus og Ranman top, og blande inn Cymbal eller Proxanil når det er høgt smittepress eller ein er litt seint ute. Cymbal har kurativ effekt i 24 timar og Proxanil i 48 timar etter smitte.

Zorvec Endavia er både kurativ og har litt lengre forebyggande effekt enn dei andre midla. Middelet er aktuelt i periodar med høgt smittepress. Sjølv om vi har kurative middel er sprøyting for å slå ned etablerte angrep kunn ei nødløysing. Forebyggande sprøyting er langt meir effektivt enn kurativ. Det blir anbefalt å avslutte med Ranman top sidan den er best mot knollsmitte.

Kartlegging

Det blir arbeidd med å kartlegge utbreiinga av dei ulike tørråterasane. Dei siste åra har NLR sendt inn tørråteprøvar frå fleire delar av landet. EU41_A2 er funne i store delar av landet. EU43_A1 som kan vere resistent mot Revus, er ikkje funne i NLR sine prøver, men er som nemnt funne i ein prøve frå Austlandet teke av andre.

I 2023 har det også blitt samla inn prøver frå heile landet som er sendt til analyse. Det er også sendt ein prøve frå Sunndal. Resultat frå denne kartlegginga vil vere klar i løpet av vinteren

For hobbydyrkarar

For ei god kjemisk bekjemping av tørråte bør ein veksle mellom alle tilgjengelege middel. Har ein små areal blir dette veldig kostbart. For ein hobbydyrkar som ikkje kan eller ønskjer å sprøyte er det beste tiltaket å fjerne eller knuse riset så snart ein får tørråteangrep. Tørråte overlever ikkje på daudt ris, og dermed stoppar ein både angrepet og unngår knollsmitte. Dersom ein let tørråteangrepet utvikle seg aukar sjansen for å få smitte på knollane. Med dei nye aggressive rasane går dette mykje fortare. I verste fall kan ein få jordsmitte som kan ligge i jorda i mange år og starte angrepet tidleg. I tillegg vil ein smitta åker stå og spreie tørråte og auke smittepresset i området rundt.

Nye settepoteter kvart år

Dei beste tipsa til ein hobbydyrkar er å kjøpe nye settepoteter kvart år, flytte åkeren kvart år, og fjerne riset så snart ein ser angrep. Har du erfaring med at du ikkje rekk å få stor nok avling før tørråteangrepet kjem kan du prøve ein tidlegsort. Mange av dei, til dømes Solist, lagrar godt. Har du ikkje eit lager som er kaldt nok, kan poteta stå i jorda til hausten viss det ikkje er mykje kjølmark i jorda.