Både lyssiv og knappsiv er fleirårige artar som konkurrerer godt med kulturplantane i eng og beite. Siv formeirar og spreier seg hovudsakleg med frø, men også vegetativt ved hjelp av krypande jordstenglar.

Mekaniske tiltak

Siv er svakast seint på sommaren når næringsreservane i stengelbasen er på eit minimum. Slåing av planten på dette tidspunktet fører til minst gjenvekst. Største gjenveksten får ein ved kutting av siv om våren. I tillegg til å treffe riktig tidspunkt, er det svært viktig å kutte lågast mogleg. Forsøk har vist at nedkutting til 1 cm høgde reduserte gjenveksten betrakteleg meir enn ved kutting til 5 cm.* Fjerning av jordstenglane ved bruk av ryddesag ca. 2 cm under jordoverflata er svært effektivt!

Siv
Bruk ryddesag og beitepussar for å bekjempe siv på seinsommaren og hausten! T.h.: Kutt lågast mogleg for å fjerne jordstenglane (ca. 2 cm under jordoverflata) og godt ut i kanten av sivplanten.

Kjemiske tiltak

Dersom ein vil bruke sprøytemiddel, kan ein kombinere dei med ryddesag og beitepussar. Mekoprop og MCPA er dei to midla som blir tilrådd. Sprøyting i juni og juli gjev tilfredsstillande resultat, medan tidleg (april) eller sein sprøyting (oktober) har gitt svakare verknad. I eng må sprøytetidspunktet tilpassast behandlingsfrist og utviklingsstadium. Slutten av mai, før 1. slått, kan då vere eit godt tidspunkt. Sprøyting på gjenveksten av siv etter 1. slått er ei anna moglegheit. Hugs behandlingsfristane i beite!


Les fagheftet om siv her.