Trøndelag heller ikkje har blitt skåna for mye nedbør til feil tid i vekstsesongen. Ein må derfor gjera dei rette grepa sjølv. For å stabilisere avlingsnivået er det viktig å planlegge for vanskelege vilkår under våronna. Mange kan gjera mye med å planlegge godt og gjera rett ting til rett tid. Andre treng både betre organisering og nytenking på utstyrsida. Kontrollspørsmålet er: kan du redusere marktrykket nok til å så, sjølv om forholda er på kanten?

Statistikken over levert bygg i Nord-Trøndelag for åra etter 2000, viser skremmande stor variasjon i avling, sjå figur nr 1. Toppavlinga kom i 2008 med over 450 kg pr. dekar og botnåret i 2001- sesongen har berre 241 kg pr. dekar. Berre halvparten av åra har gjennomsnittsavling over 350 kg pr. dekar. Felles for dei fleste åra med lågt avlingsnivå, er mye nedbør i perioden 20. mai til 1. juli. I figur 2 er det sett opp ein enkel samanheng mellom kornavling, nedbør og varmesum.

Endring i korndyrkinga

Utviklinga i korndyrkinga dei siste tretti åra er stor. For 30-40 år sida kunne våronna på ein middels stor (3-400 dekar) korngard strekke seg ut over ein periode på 3 veker. I dag kan våronna på same areal vera unnagjort på 3 dagar.

I gamle dagar kunne derfor avstanden i såtid i realiteten vera så stor at vekst og utvikling av kornet i prinsippet følgde 2-3 ulike vekstsesongar same år. I dag fører kombinasjonen av ein sort, og liten avstand i såtid, til at alt står og fell på «ein vekstsesong».

Flaks og uflaks

Fagleg dyktigheit har alltid vore viktig. Grovt sagt kan ein dele inn produsentane i tre, dei som alltid har gode avlingar, dei med gode avlinga i gode år og dei som nesten aldri får gode avlingar. Flaks og uflaks vil over tid jamne seg ut, og ein står att med systematisk variasjon. Den lokale nedbørsvariasjonen er stor, men systematisk. Det kjem nesten alltid mest i dei områdane som ligg litt innom Trondheimsfjorden mot svenskegrensa.

Frå gamalt av heiter det at det ikkje er lurt å legge alle egga i same korg. Det er all grunn til å ta det alvorleg og tenke gjennom om det ikkje er smartare å stille til start med fleire hestar. Alt for mange

har gjort enkle val, og gjennom det stilt seg i ein sårbar situasjon. Den einside byggdyrkinga har mange konsekvensar, både avlingsmessig og for utnyttinga av avlinga.

I 2022 er fordelinga: 89 % bygg, 7 % havre 4 % kveite. Dersom fôrindustrien i Trøndelag hadde fått ei fordeling tilsvarande 80 % bygg, 10 % havre og 10 % fôrkveite, hadde utnytting blitt betre.

Vanskeleg våronn

I år kom veldig mange skeivt ut på grunn av ei vanskeleg våronn. Mange har opplevd noe liknande før og fleire vanskelege år vil komme. Da gjeld det om å vera budd. Basert på eit utall forsøk er konklusjonen klar, ein får størst avling om ein sår første gang jorda er lagleg. I tillegg er det mye som tyder på at det er å betre å så under nestenvilkår i april, enn om ein gjer det same etter 17. mai.

Hjelpemidla for å gjera rett vurdering er enkle, sjekk vassføringa i grøftesystem og ta med ein spade på tur. Smuldrar jorda i plogsjiktet, er det berre å knalle på. I tillegg gjeld det å vurdere kapasitet på såing mot vêrvarslet på Yr. De har også eit godt hjelpemiddel i kart og varsel time for time. Da kan ein ganske nøyaktig finne ut kor lenge det er til nedbør i periodar med ustabilt ver. Resten er enkel matematikk. Om ein sår 5, 10, 15, 20 eller fleire daa i timen, er det lett å rekne ut kor store areal ein kan klargjøre før neste regnvêr.

Da gjeld det å vera realistisk. Femti mål sådd er 50 mål sådd. To hundre mål klargjort til regnet kjem, gir berre problem. Vanlegvis følgjer ikkje regnet eigedomsgrenser, noen får til våronna bra andre ikkje.

Marktrykk

Den store æraen for tvillinghjul i Trøndelag, var sist i 80 åra og først på 90-talet. Etterpå kom lågprofildekka, 540-, 600- og 700 dekk vart vanleg dimensjon på bakhjula. Dei dekka skulle løyse alle utfordringar med stadig større og tyngre traktorar. Har dei greidd det?

I tillegg har mange leiejord i god avstand frå garden. Da er det freistande å halda god fart til og frå. Mange kjører derfor med meir luft i dekka på grunn av vegtransporten, enn det ein bør ha på åkeren. Ekstra tvilsamt er det når jorda er litt fuktigare enn godt er. Da er tiltaket å tappe ut så mye luft som råd. Bruk trykk og belastningstabellar til å finne ut kor lite luft ein kan kjøre på jorda med.

Dersom alt blir gjort for å unngå pakking av matjorda, er det mange som treng tvillinghjul fram og bak på traktoren. Det opnar for å senke luftrykket til 50-60 kPa (5-6 Bar). Utfordringa er totalbreidda og møtande trafikk. Totalbreidde over 3,5 meter medfører prakk.

Totalvekt og jordpakking

Som vist på figuren nedanfor, er det lufttrykk og dekk som avgjer pakkinga i ploglaget. Lengre ned blir det meir og meir totalvekta som avgjer. Skadar i ploglaget kan vera avgjerande for årets avling, men blir som regel reparert i løpet av eit år eller to. Lengre ned er skadane meir eller mindre varige, og dei blir meir varige dess djupare ned i jorda ein greier å pakke.

Korn1
Figur nr 3. Henta frå Danmark og er laga av Per Schjønning ved landbruksuniversitetet i Århus

Tvillinghjul auker bæreevna med 1,76. Ei dobling av hjulbreidda, auker bæreevna med 2,0. Men det er ei øvre grense for kor breie standarddekk det kan vera på ein traktor. For dei fleste er difor valet veldig enkelt. Er traktoren for tung til å tappe ut nok luft til å kjøre på jorda når det er litt for fuktig, må bæreevna aukast med tvillinghjul. Vi treng difor ein ny æra for tvillinghjul.

Vekst og utvikling

For å bygge opp organisk materiale trengst vatn, luft, jordnæring og gode vilkår for plantevekst. For mye vatn medfører tap av bl a nitrogen, anten i form av nedvasking frå rotsona eller til lufta pga. denitrifikasjon. Om mangelen på nitrogen er stor under danning av aksanlegget, blir resultatet små aks med få korn.

Sjølv om det er muleg å sette inn tiltak i form av tilleggsgjødsling/delgjødsling, er det ikkje alltid ein greier å rette opp alt. Sortar med kort veksttid har mindre «å gå på». I det ligg at sortar med rask utvikling frå spiring til skyting, berre er på rett stadium for aksdanning i ein kort periode. Sortar med lengre veksttid har noen fleire dagar til å danne aksanlegg. Noe som kan forklare til dels store avlingsutslag mellom sortar med kortare og lengre veksttid.

Risikospreiing

Det sikraste tiltaket mot for mye nedbør på kort tid og til feil tid, er å stille med fleire hestar til start. Ved å fordele produksjonen på tidleg og seint bygg, havre og vårkveite, får ein både vekstskifte og risikospreiing. Sjølv om alt blir sådd nokolunde samtidig, er aldri alt på same utviklingstrinn samtidig.

Når det gjeld avlingsnivå, er aktuelle sortar i både havre og vårkveite fullt på høgde med bygg. Og sjølv om krav til veksttid er ei utfordring i noen områder, vil ein strategi med å utnytte både bygg, havre og kveite vera med på å redusere variasjon i avlingsnivå frå år til år i store delar av dyrkingsområdet.

Avling og økonomi

Som det går fram av figur nr 3, varierar noverdien* av byggavlinga, med same areal alle år, frå vel 165 til nesten 320 millionar. For å sikre framtida til trøndersk kornproduksjon er det berre ein veg framover. Avlingsnivået må opp og alt må gjerast for å redusere klimaeffekten.

*verdien av avlinga i alle år med dagens målpris



Dei sikrastre tiltaka er

Korn2
Figur 1. Avling i kg/daa for bygg i Nord-Trøndelag 2005 – 2022, basert på levert avling.
Korn3
Figur 2. Byggavling i kg/daa, nedbør i mm og varmesum i døgngrader for åra 2000 -2021. Varmesum og nedbør er henta frå målestasjonen på Kvithamar.
Korn4