Dette er ein del av prosjektet "Lokal verdikjede matkorn" som blir leia av NORSØK v/ Liv Solemdal.

Randi Berland Frøseth i NIBIO har utarbeidd forsøksplan, skaffa såfrø og bidrege med gode råd rundt økologisk korndyrking.

Gjennomføring av forsøket

Sortar i forsøket:

  • Bygg: Brage, Marigold, Pihl og Rattan
  • Havre: Ringsaker, Vinger, svarthavre (ukjent sort)

Arbeid gjort i feltet:

  • 22.mai - Storfegjødsel 2 tonn/daa
  • 25.mai - Såing
  • 1.juni - Ugrasharving (blindharving)
  • 27. september - Hausta byggruter manuelt og lagra i striesekk.
  • 15. oktober - tresking av havren og bygg lagra i striesekker.

Utfordrande vår

På grunn av ein spesiell vår vart både forsøket og åkeren rundt seint sådd. Det låg snø store delar av mai, og for den som ikkje hadde forhold til å så i slutten av april, var neste sjanse etter 20.mai.

Juni var svært tørr. Det såg ikkje ut til å ha påverka spiringa, men har sannsynlegvis gjeve dårleg busking. Første ugrasharving vart utført 1.juni. Denne var svært vellykka. Det kom litt ugras seinare i sesongen, mest linbendel og stemor.

Frå månadsskiftet juni/juli kom nedbøren, og dermed mykje etterrenning. Særleg i havren gjorde etterrenningane mykje ut av seg. Det gjordet at sjølv ved tresking 15. oktober, var mykje av havren enno ikkje heilt moden. Mot slutten av september tok byggrutane til å bli overmodne, særleg den tidlegaste sorten, Brage. Det vart difor bestemt å hauste byggrutane manuelt (med strå) og lagre desse tørt i striesekkar. Bed tresking av havren 15. oktober vart også byggrutene kjøyrt gjennom treskaren.

Matkorn resultat forsok 2020 LNV

Lågt avlingsnivå

Avlingsnivået er jamt over lågt i forsøket. Som nemnt tidlegare kan det skuldast dårleg busking på grunn av sein såing og tørke. Men hovudårsaka er nok dårleg næringsforsyning. Basiskrav til hektolitervekt (HL - vekt) for korn til industriformål er 64 for bygg og 53 for havre. For bygg ligg nakenbyggsortane Pihl og Rattan over, medan Marigold og Brage ligg på grensa og litt under. Alle havresortane ligg under. Dette skuldast nok mykje etterrenning, dårleg mating og små korn i andregenerasjon. Sortsforskjellar spelar og inn på HL - vekt.

Fleire detaljar mellom anna når det gjeld kvalitet på kornet i forsøket, vil bli publisert i ein seinare rapport for heile prosjektet.

Næringsforsyning

Forsøksfeltet låg på ei elveslette med næringsfattig sandjord (siltig finsand) med m.a. svært lågt innhald av kalium. Jorda der feltforsøket låg har hatt einsidig korndyrking i fleire tiår, og er svært moldfattig (glødetap 2,1). 2 tonn/daa med storfegjødsel er truleg for lite til å gje god nok næringsforsyning, og ein bør truleg gå opp på minst 3 tonn/daa i framtida. Det tørre vèret i juni kan og ha gjeve dårleg utnytting av gjødsla. Ei utfordring med å bruke enno meir husdyrgjødsel kan vere legde dersom det blir vèrforhold som gir optimal effekt av husdyrgjødsla.

Konklusjon

Næringsforsyning er den store utfordringa ved omlegging til økologisk korndyrking i Surnadal. Jorda er i utgangspunktet næringsfattig med svært lågt kaliuminnhald. Jord som har hatt einsidig korndyrking i mange år er ofte svært moldfattig. Det beste er å få inn eng i vekstskiftet, men då vil kornarealet gå ned. Bruk av husdyrgjødsel er ein føresetnad. Fangvekstar og nedpløying av halmen vil og kunne bidra til å halde på næringsstoff og bevare moldinnhaldet.

Matkorn2
Sverre Heggset i ferd med å så forsøksfeltet 25. mai 2020. Vanskeleg vèrlag i mai førte til sein såing for dei som ikkje rakk å så i april dette året.