Visste du at landbruket er knallgod på innsamling og attvinning av plast? Heile 86% av innsamla landbruksplast vert nytta om att, i følgje tal frå Grønt Punkt Norge. Kanskje er den neste bereposen du brukar på Rema tidlegare rundballeplast!

Er du og slik at du innimellom tek ein papirpose til varene, i staden for plast? Kjenner at samvitet er litt betre når du gjer det, for papir er no trass alt nedbrytbart, og skogen er fornybar. Men betyr det noko, i den store samanhengen? Ja vil eg faktisk seie, for det at vi prøver, og gjer vårt beste, kan vere starten på fundamentale endringar. Sjå berre på kva vi fekk til med ozonlaget på ganske få år. Når vi fann ut at drivgassen i sprayflasker øydela atmosfæren, vart det ganske snøgt funne alternative drivgassar, som no er einerådande i heile verda. Og ozonlaget har bygd seg opp att. No er det eingongstallerkar, koppar og bestikk som er under utprøving i nye, nedbrytbare materialar. Ikkje heilt perfekt alt endå, men må vi, ja så får vi det til.

Rundballar Sandane 2019

Har du irritert deg over all plasten som ligg langs vegane, og andre stader der den ikkje burde vere? (Lurer kva dei tenker, dei som sveivar ned ruta på bilen og kastar bosset rett ut. Ute av syne, då er det nok borte?) Gjer du noko med det du ser, eller går du berre vidare? Mange bekkar små gjer ei stor å. Viss vi alle brukar «irritasjonsenergien» vår på å plukke med oss det vi ser på vår veg, og legg det i ei søppelkasse, så endar vi opp i betre humør og med eit reinare miljø. Det skal ikkje alltid så mykje til.

Plast er eit vidundermateriale. Vi brukar den til alt, frå vakuumpakking av hjortekjøt, til rundballar, pakking av varer på pallar, i tauverk og på kunstgrasbaner. Materialet som nesten alt er pakka inn i, og som har ei bortimot uendeleg nedbrytingstid. Difor finn vi og restar av den overalt, i sjøen, i fjæra, langs vegen, oppe i trea og langt til skogs. No er det bruk og kast som er rådande, men eg kan hugse frå min barndom at folk vaska plastposane, tørka dei på snora og brukte dei om att. Plasten er ei forbanning på avvegar, men ei velsigning i bruk.

Det vart ein vekkar og eit vendepunkt i kampen mot plast på avvegar i 2017, då ein kval som hadde stranda på Sotra viste seg å vere full av plast. Mange har etterpå engasjert seg frivillig arbeid med plastrydding i strandsona, og det blir forska meir på nye plastprodukt som lettare lar seg bryte ned i naturen.

I landbruket vert det nytta mykje plast, til pakking av grovfôr og halm i ballar, dekke på siloar, veksthustunnellar, varmebenkar og jorddekke. Gjødsel, ensileringsmiddel, såfrø, er og ofte pakka i plast. Landbruket er heilt avhengig av plast for å kunne ta vare på produkta, anten det er fôr til dyra, eller varer til konsum. Det er fint med varer som ligg i lausvekt i opne kasser, men sanninga er at produkta held seg mykje lenger om vi pakkar dei inn i plast. Mindre plast vil dermed truleg føre til auka matsvinn. Det er også heilt utenkeleg å skulle ensilere grovfôr utan å bruke plast.

Mikroplast finn vi og i landbruket, frå plastmateriale til jorddekke, og innkapsling av gjødsel og frø (pelletering). Dersom ein nyttar avlaupsslam vil dette og innhalde fibrar av mikroplast Det blir lite mikroplast frå rundballeplast og veksthusduk. Niva har publisert ein grundig rapport om mikroplast i landbruket, absolutt verd å lese Plast i landbruket: kilder, massebalanse og spredning til lokale (unit.no)

Rundballar i solnedgang

Faglaga i landbruket var tidleg på banen med å organisere innsamling av landbruksplast, og vi har no gode ordningar for dette. Tal frå Grønt Punkt Norge viser at bøndene i stor grad tar dette på alvor, når ein ser på kor mykje landbruksplast som blir seld i forhold til kva som vert samla inn. Mengde innsamla plast har auka jamt utover 2000-talet. Framtida er diverre ikkje heilt lys; sjølv om det vert krav ei miljøavgift ved sal av landbruksplast, så dekkjer denne ikkje på langt nær kostnadene med innsamling og transport. Tidlegare subsidiering av innsamlinga er og borte, og når verdsprisane på returplast er svær låge, er det krevjande å få dette i hop. Innsamlinga er og ei frivillig ordning, den einskilde bonde må sjølv sjekke om ein kjøper plast frå leverandør som er medlem i GPN.

Landbruket kan slå seg sjølv litt på brystet når det gjeld plasthandtering! Det er svært lite flagrande landbruksplast i tretoppane, vi vert stadig flinkare å lagre rundballar slik at dei ikkje blir tekne av flaum, vi sorterer, vaskar, og leverer inn plast i stadig større grad. I følgje Grønt Punkt Norge, har landbruksplast ei materialgjenvinningsgrad på 86%, medan det for hushaldningsplast er 33%. Plast er eit fantastisk materiale som kan brukast til det meste, og eit plastfritt samfunn er nok ein utopi, og kanskje ikkje ønskjeleg heller. Men vi seier ja takk til nye plastformer som lar seg bryte ned utan å bli til mikroplast, og tanken frå Kari Sigrun Lysne om rundballeplast som kyrne kan ete og gjere seg nytta av, er og spanande. Høyr meir om Kari Sigrun og bondelaget sine tankar om plast i podkasten Vestlandsbonden.

Rundballeplasten sine fortreffelege eigenskapar vert skildra av Ottar Wiik i Rundballevisa, siste vers:

Og når eg ska' gravast, med pomp og med prakt,
– rundballeri, rundballera!
So vil eg ve' pynta i rundballedrakt!
– rundballeri hurra!
Og visst dei spandera' ein tre-fira lag,
so står eg meg nok, te' dan ytterste dag!
– rundballeri, rundballera, rundballeri hurra!

20190929 140625