Kvifor er marknadshage populært?

Det er fleire årsaker til at marknadshage er vorte populært dei seinare åra. Auka vektlegging på kor sunt det er med grønsaker på menyen, og stigande etterspurnad etter lokalt dyrka produkt, er truleg to viktige faktorar. I tillegg kan pandemien med covid-19 hatt positiv effekt på interessa for å dyrka grønsaker og dermed utvikling av marknadshage.

Korleis dyrka i marknadshage?

Marknadshage vil seia å dyrka ulike grønsaker, gjerne fleire enn 20 i faste bed med vekstskifte på 2-6 dekar. Vanlegvis vert det brukt handreiskap og tohjulstraktor kopla til ulik reiskap som gir lite utslepp av klimagassar. Det ligg til rette for å dyrka etter økologiske prinsipp, men det er ikkje noko krav. Dei fleste dyrkar utan bruk av kjemiske plantevernmiddel eller mineralgjødsel, men utan medlemskap hjå Debio. Då kan ikkje produkta omsetjast som økologisk. Ved tillaging av marknadshage kan ein bruka den jorda som er på staden eller byggja opp bed med kompost. Som regel vert det gjennomført ei forsiktig og skånsam jordarbeiding i ein marknadshage. Det er først og fremst under opparbeiding av bed at jordarbeidinga kan vera meir omfattande.

Fruktbar jord avgjerande

Det er viktig å tilføra organisk materiale til jorda i marknadshagen. Her vil kompost vera til stor nytte. Organiske gjødseltypar og grøngjødslingsvekstar (fangvekstar) verkar også positivt på oppbygging av moldinnhaldet og ei fruktbar jord. Fruktbar jord er avgjerande for god avling og vellukka fotosyntese. Det gir større opptak av karbon, og dermed vert mengda av klimagassen karbondioksid (CO2) redusert.

Marknadshage krev god planlegging

Det er viktig at jorda ein skal dyrka i er mest mogleg fri for rotugras som t.d. kveke. Tildekking av jorda over ein lengre periode, med til dømes siloplast, kan redusera ugrasproblemet. Ta jordprøve før dyrking slik at ein får oversikt over nærings- og kalktilstand.

I førebuinga for å starte marknadshage er det avgjerande med kunnskap og kompetanse. Det kan vera lurt å starte med eit testareal med omkring 10 artar.

For å driva marknadshage må ein også kunne selja produkta og då må ein ha nokon som ønskjer å kjøpa. Før ein startar å dyrka for fullt må ein vera sikker på at ein får omsett varene.

Dyrking av grønsaker krev god vasstilgang, og ver førebudd på tørkeår og ha løysinga klar.

Har du lyst til å høyre meir om dette emnet?

Lytt til podkasten «Småskala grønt – MARKNADSHAGE» frå NLR Vest og Anders Flatlandsmo sine erfaringar med marknadshage.

Begge bileta er frå marknadshagen hjå Anders Flatlandsmo som også er fotograf.

Marknadshage