Arbeidstilsynet køyrer no ein kampanje med sterke innslag om konsekvensar av bruk og manglande bruk av setebelte i traktor. Sjå filmane, og tenk over at dette gjeld også din arbeidsplass.

Årsak til ulukker kan ofte vere samansett, men her er det klåre bevis for at eit enkelt tiltak som bruk av setebelte gjev stor, livreddande effekt med ein gong.

Ei undersøking i regi av Statens vegvesen i 2015 viser at «manglande bruk av setebelte påverka utfallet i ¼ av alle dødsulukkene med traktor». Sagt med reine ord, dei ville ikkje ha vore dødsulukker dersom setebeltet hadde vore på! Likevel opplyser Arbeidstilsynet at 40 % av bøndene aldri brukar setebelte utanfor offentleg veg.

Påbodet om bruk av setebelte i traktor frå 01. juli, vil redde menneskeliv dersom traktoren veltar eller bråstoppar. Setebelte hindrar ikkje traktoren i å bråstoppe, velte, eller køyre utfor. Det reduserer berre konsekvensen av hendinga. Målet for deg som førar må heile tida vere å køyre slik at du unngår velt, utforkøyring eller bråstopp.

Fest beltet slik at det går midt over «knekken» i hofta – alltid.

Bilde setebelte

Bondekultur?

Det ligg sannsynlegvis i bonden sin kultur (samt effektivitetskrav frå andre) å maksimere og utnytte ting best mogleg; tungt og effektivt ustyr, fullast mogleg lass, klampen i botnen, køyre litt lenger i bratta kvart år. Dette fører til at ein heile tida tøyer grensene og brukar opp marginane som skulle gje deg noko å gå på. Ei litt humoristisk utsegn: «Største fordelen med firehjulstrekk er at du kan setje deg fast på meir utilgjengelege stader enn før».Traktortilstand - risikovurderingDekkutrusting, bremser, tilstand på jorda der du skal køyre, erfaring, kunnskap og varsemd er viktige stikkord for at det skal gå bra, og at du slepp at det er setebeltet som bergar deg. Vurder risiko; må du køyre i den bakken? Finst der andre metodar enn traktor? Treng du verkeleg å hauste det brattaste arealet med traktor? Har du marginar – ei flate å lande på?

Belte- og setetilstand

Normalt skal ikkje setebelte i traktor bli utsett for like store påkjenningar som i bil. Eit av dei viktigaste formåla er å halde deg fast i setet ved velt. Du bør likevel sjå til at beltet er heilt og ikkje oppflisa, at snella fungerer som ho skal, at beltet er lett å feste og at det er godt festa i setet. Rullebelte er sjølvsagt mest praktisk, men dersom du syns det er ubehageleg når det strammar seg til ved bruk, kan du montere inn eit fast belte med justeringsmoglegheit. På nyare traktorar og i nyare sete er der ofte gjenga skruehol du kan feste beltet i. Nye traktorar har og montert setebelte. Vonleg vert alle brukte traktorar som vert selde via seriøse forhandlarar utstyrt med skikkeleg, godkjent belte. På eldre traktorar kan det vere lurt å spandere på seg eit nytt sete, sjekk då at det går å feste setebelte i dette før du kjøper.

Vi likar ikkje påbod

Ingen likar å bli passa på i form av krav og påbod, men ofte er det til vårt eige beste når vi sjølve ikkje handlar. Det viktigaste påbodet bør vi legge på oss sjølve; å stelle oss slik at vi beheld helsa, arbeidsevna og livet, i vår tid. Bruk av setebelte i traktor kan vere ein viktig faktor for å oppnå dette.