Det hender me høyrer: «Det er ingen ting som er som før!» Dette er på ingen måte ein vasstett påstand, men me lever i ei verd i endring når det gjeld klima, noko som mellom anna påverkar måten me produserer maten vår på. I tillegg opplever me no ein noko ustabil verdssituasjon, som igjen fører til at det er godt å vera mest mogeleg sjølvhjelpen når det gjeld å halda eigen befolkning med mat. Det er både tryggare, og meir berekraftig, å produsera mest mogeleg av dei fôrmiddela me treng innom eigne landegrenser.

Utnyttar endringane

Prosjektet GrovfôrVekst ynskjer å finna ut av om det går an å auka delen med eigenprodusert fôr i mjølkeproduksjon på storfe, ved å utnytta akkurat den klimaendringa at det er vorte lenger vekstsesong, og då hausta graset tre gonger. Ved å hausta graset på eit tidlegare utviklingsstadium enn me har gjort før, vil grovfôrkvaliteten bli betre. Det kan bidra positivt, både til mjølkeproduksjonen og på økonomien for bonden, men betre grovfôrkvalitet kan og føre til reduserte metanutslepp frå dyret. Samstundes er det avgjerande at avlingane er store nok til at buskapen kan fôrast optimalt heile vinteren, så utfordinga er å ha nok fôr, og eit fôr av god kvalitet.

GrovfôrVekst er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestland, Landbruksråd Vestland og FK Agri. TINE og FK Agri yter eigeninnsats. I tillegg er NLR Vest og NLR Agder involverte i prosjektet. Feltforsøket vert gjennomført på NIBIO sin forskingsstasjon på Fureneset og vart starta opp i 2022. Det er tenkt at prosjektet skal avsluttast i februar 2025. Prosjektleiar er Håvard Steinshamn, medan Synnøve Rivedal koordinerer aktivitetane på Fureneset. Begge er tilsett i NIBIO.


Skilnad i vekst
Stor skilnad i veksten 9. mai ved gjødsling 30. mars (til venstre) og 29. april (til høgre). Gjødslinga var på begge tidspunkt 6 tonn gylle og 25 kg Opti-NS per daa.

Tydeleg respons

Synnøve fortel at dei enno ikkje har noko resultat å visa til, men at det er godt synleg med det blotte auga at graset responderer på ulik tid for gjødsling og slått.

  • Det går an å få inntrykk av at det ikkje er noko enkel sak å fôra opp denne tredje slåtten. Det blir ofte ei utriveleg tid i fjøsen når tredjeslåtten skal nyttast, mykje laus avføring frå kyrne, og ein kan få inntrykk av at dyra ikkje likar det så godt. Kva tenkjer du i høve dette?

«Ja, det kan fort vera ei relevant problemstilling. Men dette prosjektet handlar ikkje berre om å ta ein tredje slått. Det handlar om å utnytta heile vekstsesongen betre, starta gjødslinga tidlegare og slå tidlegare både fyrste og andre slått. Me vart sjølve overraska over å sjå kor langt utvikla graset var til tredjeslåtten. Mellom anna raisvingelen stod med fleire aks til tredje slått. Det var tydeleg at når det vart gjødsla og slått tidlegare enn det som er tradisjonelt vanleg, så virka det til at graset var komme lenger i utvikling tredje gongen me slo det. Men no ventar me på prøvane me har sendt inn, det blir spennande å sjå om prøvane viser det same som me fekk inntrykk av denne fyrste vekstsesongen med forsøk».

Tidleg haustetidspunkt
Tidleg haustetidspunkt var 30.mai ved om lag 450 døgngrader.

Nyttig dokumentasjon

Hovudmålet for prosjektet er: Evaluera effekten av tidlegare vårgjødsling og hausting av enga på gjødselutnytting, årsavling, fôrkvalitet og fôrkostnadar i mjølkeproduksjon på storfe.

Prosjektet skal talfesta næringsstoffutnyttinga av gjødsla, avlinga og fôrkvaliteten i kvar enkelt slått og totalt for alle slåttane, og dei totale fôrkostnadane. Det er òg eit delmål å kalibrera TINE sitt NIRS-instrument for ferske grasprøvar. Sommaren 2022 tok mjølkeprodusentane sjølve ut grasprøvar som dei sende inn til analysering med tankbilen for å få svar på når det optimale slåttetidspunktet var. Eit anna viktig delmål er å formidla resultat frå prosjektet til næringa, rådgjevingstenestene og forvaltninga.

Merete prove
Merete Myromslien klypper graset i ca 1 cm og puttar i mjølkeprøvebeger. Desse vart sende med tankbilen for analyse i TINE sitt NIRS-instrument for ferske grasprøvar.

Mykje godt i vente

Det blir spanande å sjå resultatet av dette på noko sikt. Klarar me å auka den totale fôrproduksjonen vår, både med tanke på avling, og med tanke på fôrkvalitet, kan me hausta mykje positivt av eit slikt prosjekt. Det er godt både for totaløkonomien til bonden, men òg sjølvforsyningsgraden vår, og klima. Her kan det rett og slett bli "fleire fluger i ein smekk"!

Asmund prove
Åsmund Kvifte tek ut prøvar for kvalitetsanalyse før av hausting.