Me tilrår at sauebønder tek avføringsprøver av lam, og sender desse inn til analyse. Ved å ta avføringsprøver vil ein få svar på mengd parasitter og egg, og kva slags parasittar lamma har. Dette vil hjelpe deg å gje rett behandling til besetninga.

Parasittar (snyltarar) kan delast inn i to grupper; innvending og utvending parasittar. Dei innvendige parasittane lever i indre organ som mage og tarm, medan dei utvendige parasittane på hud og i ulla (t.d. flått og spyfluge).

Innvendige parasittar:

Dei vanlegaste parasittane er Nematodirus battus som finst i store delar av landet, samt Haemonchus contortus, som i hovudsak gjev problem på låglandsbeiter på Vestlandet. Store leverikter gjev problem på fuktig beite i nokre områder.

Utvikling:

Dei vaksne parasittane skil ut egg med sauens avføring. Egga vil klekka i beite, der dei utviklar seg til larver som igjen blir «beita» av sauene.

Klima og vêrforhold har stor betydning for kor godt egg og larver kan overleve vinteren og utvikle seg på beitet i sommarhalvåret. Utviklinga går langsamt når døgnmiddeltemperaturen er under 10°C, og stoppar opp når det blir frost. Sauer som går ute om vinteren får vanlegvis ikkje i seg smitte i mengder som har betydning.

Lam utviklar gradvis motstandskraft mot dei fleste innvendige parasittane. Det er derfor størst behov for behandling den førre beitesesongen, men ein del rundormartar er ikkje fult utvikla før sauene er om lag 2 år gamle.

Parasitt utak