Regnvatn, ei stor utfordring

Det er som oftast utover hausten og vinteren at det vert påvist avrenning frå plansiloar. Dette vert synleg på ulike måtar, både på overflata rundt siloanlegget og i grøfter, kanalar og bekker. Vi har lett for å konkludera med at dette ikkje kjem frå mitt anlegg fordi eg har fortørka gras i siloen. Dersom ein ikkje har gjort tiltak for å unngå avrenning, vil regnvatn siga ned langs siloveggen, delvis inn under silomassen og vidare ut til opninga i siloen Blanding av regnvatn og silosaft utgjer ein stor fare for ureining. Og hugs; det skal berre ca. 1 liter silopressaft til 5.000 liter vatn for å starta dei uønska biologiske prosessane i vassdraga.

Riktig bruk av plasfolie i siloen

Plastduken skal ligge ein meter inn under silomassen, opp langs kantane og ut over fôret. Det er viktig at det ikkje er hull/rifter i plasten.

Drenering og inspeksjonskum

Dreneringa rundt siloen må ende i ein inspeksjonskumme, der skal du ha muligheit til å føra det ureina vatnet over i, til dømes, gjødsellageret. Ureina vatn i denne samanheng er regnvatn som har vore i kontakt med silorestar eller silosaft. Rein silopressaft skal samlast opp i ein eigen kum, og lagrast i eigna behaldar. Denne kan spreiast på jorda i tillat tidsrom. Regnvatn som ikkje har vore i kontakt silosaft eller silomasse kan førast ut i naturen.

Drenering av plansilo Foto Joacim Laurendz
Tverr-renna samlar opp silopressaft og vatn frå siloen. Vatnet blir leia til inspeksjonskummen. Denne kan stengast slik at ureina vatn kan pumpast til gjødselkum, og rein silopressaft kan tappast på eigna behaldar. Foto: Joacim Laurendz

Denne artikkelen er skriven av Ragnvald Gramstad og Joacim Laurendz til Bondevennen 33/34 2016