Bonden skal produsere nok – godt – og billeg fôr; prioritert i denne rekkefølgja. Grovfôrkostnadar handlar om kva utstyret kostar, kva kapasitet det har og om det kan sikre oss eit fôr med god kvalitet. Val av utstyr betyr noko for kapasiteten og dermed òg kvaliteten på fôret. Det er meir nedbør enn før og maskinparken må vere tilpassa til å utnytte dei haustevindauga vi får.

Kva timepris vi skal setje på eige og leigd arbeid kan diskuterast, men arbeidet skal gjerast med eige eller leigd hjelp. I dei fleste kartleggingane som er gjort er bonden sitt arbeid sett til 200-300 kr/t.

Grovfôrkostnadar vart grundig studert på ca. 200 bruk i prosjektet «Grovfôr 2020» i 2017. På Vestlandet deltok ca. 30 gardar som kartla kostnad med maskiner, vurderte kapasiteten til maskinane, fordelte maskintimar på dei ulike arbeidsoperasjonane samt rekna på persontimar i grovfôrdyrkinga. I ettertid har det vore gjennomført ytterlegare 35 kartleggingar i Vestland og Møre og Romsdal. Talmaterialet gir oss høve til å intervjue bønder som lukkast med å halde grovfôrkostandane nede og som kan inspirere andre bønder til å ta gode val på sitt bruk.

Fordeling kostnadar dyrking
Figur 1: Prosentvis fordeling av kostnadar i dyrking av grovfôr på ca. 65 vestlandsbruk (i perioden 2017-2020). Gjennomsnittleg kostnad for dyrking er ca. 1,50 kr pr. FEm.

Møk er bondens gull, men gull kostar!

Ved å kartlegge og fordele traktor-, maskin- og persontimar på dei ulike arbeidsoperasjonane finn vi ut kor vi legg att tid og pengar i dyrking av grovfôr. Figur 1 viser fordelinga av kostnadar med dyrking av grovfôr på ca. 65 bruk i Vestland og Møre og Romsdal. Kostnad med handelsgjødsel og husdyrgjødsel står for 70 % av kostnadane i dyrkinga. Gjennomsnittleg kostnad med dyrking av grovfôr er 1,78 kr pr. FEm. Variasjonane er store, og garden med lågaste dyrkingskostnad dyrkar fôret for 0,77 kr pr. FEm, medan høgaste dyrkingskostnad er 3,11 kr pr. FEm.

Mesteparten av kostnaden med handelsgjødsel er til innkjøp, medan timeforbruket på spreiing er nokså lågt (mange har billeg utstyr som har god nok kapasitet). Husdyrgjødsel er «gratis», men det krev mykje og dyrt utstyr til røring, pumping, transport, spreiing og ikkje minst mange persontimar. Kartlegginga har vist at gjennomsnittskostnaden med å spreie husdyrgjødsel på Vestlandet er nesten 60 kr pr. kubikkmeter møk. Inni dette reknestykket ligg også tilskot til stripespreiing på enkelte av bruka, så utan det ville talet har vore høgare.

Transport

Det er mykje fokus på transportavstandar til leigejord og at det forsvinn ein del peng i «dekk og diesel». Ved å gjere ei kartlegging får ein fram konkrete tal for sitt bruk.

Kostnad med husdyrgjodsel vs transportavstand
Figur 2: Gardsbruka er sortert etter aukande transportavstand. Raude prikkar viser gjennomsnittleg avstand kvart bruk har til teigane sine. Brune kolonnar syner kostnaden det aktuelle bruket har per kubikk husdyrgjødsel som vert spreidd. Figuren syner at kostnaden med husdyrgjødsla varierer veldig, men at den ikkje kan forklarast med ulik transportavstand. Det finst tilpassing til lang transport som gjer at ein kan halde kostnaden nede. Til venstre i figuren ser vi også eksempel på bruk som har lite transport, men som likevel har høge kostnadar per tonn husdyrgjødsel.

Figur 2 syner at på dei 9 bruka med lengst transportavstand (frå 6-14 km) varierer kostnaden med husdyrgjødsel frå godt under 40 kr til 150 kr pr. tonn. Her har vi moglegheit til å lære av kvarandre!

Hausting av grovfôr

Innanfor omgrepet "hausting" i grovfôrøkonomien ligg kostnadar knytt til slåing, vending, raking og ensileringsmiddel - i tillegg til sjølve pressinga/pakkinga eller fôrhaustinga/snittinga med tilhøyrande heimtransport. Det er viktig å velje ei haustelinje med nok kapasitet. Rekk vi over alt arealet medan vêret er med oss? Vert grovfôret slått på det tidspunktet du og dyra ynskjer? Kva skjer med transportkostnadane om vi fortørkar fôret meir? Les meir om dette i anna artikkel i heftet.

Vestlandsfôret er dyrast

Grovfôr 2020 synte noko vi venta; grovfôret kostar meir på Vestlandet enn elles i landet. Dersom ein samanliknar regionane så er den samla kostnaden med å produsere ein fôreining grovfôr på Vestlandet litt over 3,50 kr, medan dei andre regionane ligg mellom 2,20-2,80 kr pr. fôreining. Dette har sjølvsagt bakgrunn i meir tungvint driven jord og mindre teigar. Det er likevel stor skilnad mellom bruk. Kva er det nokon gjer rett? Kan vi lære av desse? I dette heftet får du mange gode eksempel på bønder som har gjort noko rett!

Sett pris på grovfôret ditt!

Med NLR Grovfôrøkonomi og klima kan vi berekne kostanden på dyrkings- og haustingslinja på garden. Saman med forventa avlingsnivå finn vi ut kva det kostar å produsere ei fôreining. Reknestykket går heilt fram til fôret er levert fjøsdøra.

Når ein har gjort denne første kartlegginga er det eit godt utgangspunkt for å berekne utslag ved ein eller fleire endringar i dyrking, hausting eller mekanisering.

Vi håpar du vert inspirert til å kartlegge grovfôrdyrkinga på garden din.

Korleis rekne ut grovfôrkostnad?