Berre dei siste åra har det har vore ein enorm framgang når det gjeld dyseteknologi, nye og betre dyser kjem stadig på marknaden. Vanlege flatdyser, som i stor grad er i bruk rundt på gardane, gir relativt små dropar og er veldig utsette for avdrift. Derfor skal det ikkje mykje vind til for at ein risikerer dårleg sprøyteresultat og avdrift til miljøet rundt.

Lågavdriftsdyser gir nye moglegheiter

Nye typar dyser (gjerne kalla lågavdriftsdyser /avdriftsreduserande dyser) gjer at ein kan bruke lågare trykk og gjev mindre avdrift om det er litt vind. Men gjev dei gode nok sprøyteresultat?

Testar på 15 forskjellige lågavdriftsdyser utført av NLR Agder viser at alle dysene gir godt resultat med stort og breiblada ugras, slik ein har i enga. Mange av dysene gir også veldig gode resultat på smått ugras, som til dømes ved sprøyting i gjenlegg, derfor er det absolutt aktuelt å bytte dei gamle dysene ut med lågavdriftsdyser.

Fordelen med lågavdriftsdysene er fleire. For det første bruker ein lågare trykk og lågare væskemengde på desse dysene (anbefaling på ugras: 15 l/daa) og ein har derfor mindre avdrift og rekk lenger med kvar tank. Dette gjer at ein kan redusere talet fyllingar og sparer dermed tid.

Vanlege flatdyser krev bort i mot vindstille vêr, med nye dyser kan ein tole noko meir vind. Dermed aukar tidsrommet ein har moglegheit til å sprøyte, og det er lettare å finne tidspunkt for å få gjort unna sprøytinga. I tillegg er det i dei siste oppdateringane til Mattilsynet gitt rom for å sprøyte nærare overflatevatn om ein brukar lågavdriftsdyser.

Lavavdriftsdyse jan karstein henriksen
Sprøyta har standarddyser montert ytst på bommen (nærast der foto er tatt) og lågavdriftsdyser inst mot tanken. Når bilete er teke har ein køyrd sprøyta i ca. 30 sekundar på same stad, med ein vind på ca. 3 - 4 m/s bakfrå. Som ein ser hadde standarddysene avdrift (fukta jord) 3 - 4 meter frå bommen, mens lågavdriftsdysene berre fukta jorda 1 – 1,50 meter frå bommen. Foto: Jan Karstein Henriksen

Dermed er det liten grunn til å halde fram med å buke standard flatdyser. Ut frå testen til NLR Agder anbefaler vi derfor følgjande til ugrassprøyting (alternativ med større væskemengd i parentes):

Anbefaling for sprøyting av ugras i grasgjenlegg, korn og eng

Dyse

Blå (110-03) av ein av desse typane:

Teejet AIXR

Hypro ULD

Hardi MD Duo

Lechler IDKT

Trykk

1,5 (1,5)

Km/timen

6,7 (5,0)

Dysehøgde cm

40 - 45

Liter/daa

15 (20)

Nokre praktiske råd:

  • Det er på tide å byta standard flatdyser med ei av lågavdriftsdysene som er nemnt over
  • Dysene gir ut riktig mengde når det er korrekt trykk og køyrehastighet, uavhengig av kraftuttakshastighet. Du kan derfor gjerne køyre kraftuttaket på 400 – 450 PTO
  • Like dysehaldarar på alle merker utanom Hardi, men lett å få tak i overgangar (begge vegar)