Finansiert av Grøntsatsingsmidlar frå NLR.

Artikkelen er tidligere publisert i NLR Vikens Forsøksmelding nr 11 - Forsøksresultater 2021, og skrevet av Ingvill Hauso

Bringebærbarkgallmygg legg egg i barken på bringebærskot, og larvene gneg på stenglane. Dette svekkar stenglane og lagar inngangssår for soppsjukdomar. Skadedyret er eit aukande problem i bringebær og kontaktmidlar verkar dårleg sidan larvene lev skjult mellom barken og veden. Eventuell sprøyting bør rettast mot dei vaksne individa når dei klekker på førsommaren. Bringebærbarkgallmygg lev på den nedste halvdelen av buskane, slik at det kan sprøytast berre på nedre del av hekken dersom målet er bringebærbarkgallmygg. Det kan ikkje ventast meir enn 50% effekt av ei slik sprøyting på våren, og ei sprøyting etter hausting kan difor også vera aktuelt.

IMG 20220622 135011
Foto: Larver av bringebærbarkgallmygg. Line Beate Lersveen

For å treffe rett sprøytetidspunkt må dyrkar vite når dei vaksne individa svermar i feltet. Dette kan undersøkast ved bruk av limfeller og feromon.

Feller med feromon og limplate vart i 2021 hengt ut hos bringebærdyrkarar i Svelvik, Sande og Sylling høvesvis 6. mai, 7. mai og 28. mai. Fellene vart sjekka kvar veke fram til 5. august. Grafen under viser fangst i dei tre fellene frå veke 20 til veke 32 (17.mai – 15.august).

Gbrrr

Første generasjon av bringebærbarkgallmygg kom i 2021 om lag samtidig som i 2019, med stor fangst rundt veke 23. Fangsten i 2021 var derimot tydeleg mindre enn i 2019. I 2019 var fangsten i fellene på 300-500stk i veke 23, mot 60-140 i 2021. I 2019 vart det registrert 3 generasjonar, mot to i 2021, men registreringa vart då gjennomført lenger utover hausten.

IMG 20220516 155300
Foto: Felle med feromon og limplate, feromonene trekker til seg bringebærbarkgallmygg-hannene. Line Beate Lersveen

Konklusjon

NLR Viken har registrert tidspunkt for sverming og tal generasjonar gjennom fleire år. Det ser ut til at tidspunkt for første sverming varierer med lokalisasjon og mellom år, slik at for å vere sikker på treffe første sverming med ei sprøyting bør dyrkar ha felle i eige felt. Det er framleis mykje som er usikkert rundt bringebærbarkgallmygg og NLR Viken vil, saman med andre NLR-einingar, halda fram arbeidet med å kartlegga førekomst og skade av bringebærbarkgallmygg, samt utprøving av aktuelle tiltak.