Ved innhausting, skjering, tynning og oppbinding av veksande tre, skal kvart einaste tre i hagen handsamast. Det er ofte naudsynt med stige for å nå toppane. Dekking av kirsebærfelt og montering av nytt støttesystem krev også ei viss arbeidshøgde. Veltilpassa teknologi kan spare dyrkarane for unødige arbeidstimar og belastande arbeid. Norske bønder er under stadig press for å auke lønsemda, og investering i ei arbeidsplattform kan gi auka lønsemd, særleg om ein set pris på eigne arbeidstimar. Det finst ein stadig veksande marknad for plattformer med ulik utforming, funksjon og pris.

I frukthagar lenger sør i Europa er plattformer tekne i bruk i langt større omfang enn i Noreg. Det kan vere fleire årsaker til dette. Me skal ikkje gløyme særnorske tilhøve med små bruk, stadvis bratt terreng og fuktig vêr, men det finst robust teknologi som toler slike utfordringar. Fruktdyrkarane kan dessutan gjere sitt for å leggje til rette for teknologien, ved val av plantesystem, rekkjeavstand, grasdekke og drenering. Eit anna hinder kan vere investeringskostnaden, då fruktdyrking i Noreg ofte går føre seg i liten skala. Det tyder ikkje at det ikkje kan løne seg å ta i bruk ny teknologi. Det finst ein stadig veksande marknad og eit stort utval av maskinar av ulik dimensjon, funksjon og prisklasse. Det gjeld å vurdere kva som gir best utteljing (nytte-kostnad) for kvart bruk. Heile poenget er at investering i ny teknologi skal betale seg tilbake i form av sparte kostnader. Ei anna viktig årsak til at plattformteknologi ikkje er meir utbreidd i Noreg, er nok at informasjon og erfaringar ikkje hår fått rotfeste i norsk dyrking, og at det er avgrensa tilgang til kjøp av slikt maskineri innanlands.

For å synleggjere kva som allereie er tatt i bruk av kasseberarar og plattformer i Noreg, har NLR Vest spurt nokre av medlemane om å dele sine erfaringar. Responsen var overstadig positiv, og har langt på veg avkrefta førestillingar om at plattformteknologi ikkje høver for fruktdyrking i Noreg.

Fjernstyrt kasseberar

I Innvik i Nordfjord dyrkar Eyvind Reme eple, plomme og bringebær. I 2021 kjøpte han sin fyrste kasseberar av typen neo+ frå italienske Windegger. I 2022 supplerte han med ein til. Han ser ikkje bort i frå at det kan bli fleire. Den beltegåande kasseberaren kan plukke opp, frakte og setje frå seg ein stor haustekasse. Han kan styrast med fjernkontroll, eller stillast inn på valt hastigheit og gjer det mogleg at haustekassen alltid er nær plukkarane utan behov for flytting med traktor. Ein kan hengje på mindre kassar, som kan nyttast for fråsortert frukt. Me omtalar han som kasseberar då dette nok vil vere den primære funksjonen i ein frukthage, men han kan sjølvsagt nyttast til anna. På vingardar vert han nytta som eit «mobilt sete» for stell av vinstokkar. I fylgje fabrikanten kan kasseberaren kompensere for helling opp til 50 %. «Ein mirakelmaskin», om du spør Reme:

«Det er ein revolusjon å bruke denne i innhaustingsarbeidet. Eg har svært positive erfaringar. Kasseberaren toler godt våt bakke og sørpe, langt betre enn ein traktor. Han er skånsam mot underlaget. Når me var tre personar som plukka i haust laga me langt meir spor i rekkjene enn maskinen. I mi erfaring er ikkje bratt terreng noko utfordring. Tru meg, sjølv om eg ikkje dyrkar i bratte bakkar så har eg gjort mitt i forsøk på å velte kassar, ved å køyre over skråningar og veggrøfter, og eg har ikkje lukkast. Batteriet kan vare ein heil dag, men eg ladar han gjerne ein gong i løpet av dagen for å vere sikker.»

Reme har berre gode ord å dele om kasseberaren. Om det går som han vil har han i framtida ein til konsumfrukt, ein eigen til industrifrukt og ein ekstra til transport inn og ut av rekkjene. Etter at han lånte bort maskinen gjekk det ikkje lenge før lånaren kjøpte sin eigen. Reme avsluttar samtalen med å forsikre om at han ikkje er tilsett i Windegger, sjølv om det må høyrest slik ut etter ein så overstadig positiv beskriving av neo+.

NLR Vest har tidlegare organisert fellesbestilling for import. Medlemer registrert med fruktproduksjon og mottakarar av fruktmeldinga vert varsla ved evt. fellesbestilling i 2023. Ved import i 2022 var prisen for ein Windegger neo+ i underkant av 100 000 norske kroner.

1 Windegger neo img 05 neo neo arbeit obstbau 02 1500
Fjernstyrte Windegger neo+ kan transportere kassar, plukke dei opp og lesse dei av i alle retningar. Foto: Windegger.

Traktormontert plattform

Tone Midlang nyttar ei traktormontert plattform i pæredyrkinga på Feios i Sogn. I tillegg dyrkar ho bringebær og skal også plante til med eple på garden.

«Me gjorde oss gode erfaringar då me fekk låne ei plattform til skjeringa i vår, og bestilte vår eigen til innhaustinga i år. Me hadde allereie palletårn på sylinder som kan lyfte høgt, så me trong berre kjøpe sjølve platået for å ha ei fungerande plattform. Dette var eit langt rimelegare alternativ og høvde for våre tilhøve. Ulempa er at det heile tida trengst ein person til å køyre traktoren. Frå plattforma plukkar me i bøtter, men har ikkje direkte tilkomst til storkassen då me fraktar den med oss framom traktoren. Me vurderte nytte opp mot kostnad og avgjorde at denne løysinga var best for oss.

Me opplever at plattforma gjer arbeidet langt meir lettvint og det skapar betre arbeidsflyt. Me får betre arbeidsstilling, lenger rekkjevidde og god tilkomst i midten og toppen av trea. Ei tilpassa arbeidshøgde gjer at me kjem betre til i trea enn me gjorde då me brukte stige. Me køyrer i kvar rekkje og plukkar frå begge sider av plattforma. Plattforma kan skyvast ut til sidene og me kan regulere breidda. Nokre tre klarer me å plukke reine på begge sider i ein omgang, men erfaringa er at me må køyre i kvar rekkje. For dei som er usikre på om ein kjem fram i hagen sin med ei plattform kan eg forsikre om at der ein traktor kjem fram, der kjem plattforma vår òg fram.»

2 Traktormontert plattform lettar arbeidet med hausting av frukt fra hoge paeretre pa sorsida av Sognefjorden Foto Tone Midlang
Traktormontert plattform lettar arbeidet med hausting av frukt frå høge pæretre på sørsida av Sognefjorden. Foto: Tone Midlang.

Sjølvgåande plattform

Endre Kleiveland, Agnar Nornes og Helge Fimreite dyrkar frukt på kvar sin gard i Norane i Sogndal kommune. I januar 2018 gjekk dei saman om å investere i ei K7+ sjølvgåande plattform frå Windegger. Denne er utvikla for krevjande terreng, med firehjulstrekk, kan etter fabrikanten sine spesifikasjonar køyrast med 58 % helling på sjølve plattforma og i bakkar med 30 % helling. Kleiveland fortel at etter deira syn er dette den beste plattforma på marknaden for bratt terreng, og han tviler ikkje på at investeringa har gitt god avkastning:

«Me nyttar plattforma heile året; til skjering, tynning, oppbinding av tre og hausting. I år har han vore i bruk i om lag 1000 timar, fordelt på dei tre gardane. Eg har ikkje tal på kor mange timar me hadde brukt på det same arbeidet om me måtte arbeidd med stigar, men det er ingen tvil om at det må vere ei heilt formidabel sparing av tid. Ein annan fordel er at me får betre presisjon på det arbeidet som vert gjort i høgda. Til dømes ved skjering i toppane får me betre oversikt, betre tilgang og har høve til å studere blad- og blomeknoppar.»

Han har nokre råd til dei som vurderer plattform, for å kunne få best mogleg nytte av henne:

«For å kunne utnytte ein slik maskin er moderne tettplanting ein føresetnad, og rekkjeavstanden bør ikkje vere lenger enn at ein enkelt kan nå trea på begge sider ved køyring med plattforma i midtgangen. Me kan vere opptil åtte i sving samtidig under innhaustingsarbeidet, men det er slett ikkje nødvendig med so mange for å få nytte av maskinen og dei tilpassar heile tida talet på plukkarar etter behovet. Kva angår tilkomst i feltet, så er alle van med omsyna ein tar ved køyring med traktor i bratt eller sleipt terreng. Eg vil seie at plattforma vår har same avgrensing som traktorane me nyttar, verken meir eller mindre. Men me er nøye med å tilpasse plukkestad til vêrtilhøva. Dei våtaste dagane plukkar me ikkje i dei brattaste bakkane. Difor har ikkje vått vêr vore ei utfordring så langt, sjølv ikkje i år, der me ikkje hadde tørre bakkar sidan haustestart...

Me importerte maskinen sjølv. Noko smått vedlikehald har det vore, men det har ikkje bydd på store problem. Det har vore uproblematisk å få tilsendt reservedelar om det trengst, og Fimreite som er både nevenyttig og maskinkyndig tar seg av servicen. Endå eit gode ved samarbeidet er at det skapar ei plattform for sosialt samvær og faglege diskusjonar mellom fruktdyrkarane.»

3 Windegger plattform Kleiveland foto Endre Kleiveland
Plattform frå Windegger, med sine tre eigarar om bord. Blir nytta året rundt. Foto: Endre Kleiveland.

Haustemaskin

I Ryfylke finst mange plattformer. Per dags dato finn du tre av typen Silver Bull (ikkje lenger i produksjon) og tre frå tyske Frumaco. I juni 2020, kjøpte Kristen Helgøy haustemaskin av typen Tecnofruit CF 105 Levelling (Frumaco). Dette er ei plattform som kjem med transportband som fører frukta direkte ned i storkassen, og ein romsleg tilhengar som kan frakte fleire storkassar. På fruktgarden på Helgøy plar dei vere 3-6 personar i haustearbeidet.

«Eg vil påstå at me har effektivisert arbeidet med eitt til to årsverk. I tillegg er arbeidet i høgda lettare og inneber mindre risiko. Det er den beste investeringa me har gjort på garden. La meg gi eit raskt døme; eg har om lag 18.000 tre på garden. Om eg skulle brukt 15 sekund på å flytte stige mellom kvart tre, og eg skal opp i kvart tre minst tre gonger per sesong, så brukar eg over 200 timar i året berre på å flytte stigen.»

Han er stornøgd, men fortel at dei hadde sine tvil om plattform var noko for dei, heilt til han fekk møte fruktdyrkarar som nytta tilsvarande maskin, på tilsvarande gard.

«Eg trudde først at Frumaco sin haustemaskin var overdimensjonert for vår hage, men etter å ha møtt fruktdyrkarar i Telemark som hadde like små gardar som oss, og brukte denne maskinen, så forstod eg at han kan passe for oss òg. Det er sjølvsagt nokre omsyn å ta; dimensjonen gjer at det trengst ein fire, fem meter for å snu. Det bør vere godt drenert, og ein skal hugse på vekta til ein slik doning, særleg når han er lasta med fleire fulle kassar. Men når ein kan frakte fleire kassar av gongen vert det færre turar med køyring. Denne maskinen passar nok ikkje i alle typar terreng, og alt er kjekkare i tørt vêr, men eg syns haustemaskinen klarer seg godt også i vått vêr. Me har lært kvarandre å kjenne gjennom bruk.»

4 Fullasta haustemaskin fra Frumaco i sving pa Helgoy Foto Rune Nedrebo Oyposten
Haustemaskin frå Frumaco i sving på Helgøy. Foto: Rune Nedrebø, Øyposten.

Framtidas fruktdoningar?
Det latar til at fruktdyrkarar som får høve til å gjere seg erfaringar med kasseberarar og plattformer vert klokare på kva som passar for dei, og mange ynskjer å kjøpe sjølv etter å ha prøvd det. Erfaringsutveksling av teknologi som effektiviserer og lettar arbeidet i frukthagar kan verte svært verdifullt, for den einskilde dyrkar, men òg for ei framtidsretta, lønsam og konkurransedyktig norsk fruktnæring. Ny teknologi vert gjerne vist fram på jordbruksmesser lenger sør i Europa, men når ikkje alltid Noreg fordi maskinane er utilgjengeleg eller mistenkt for ikkje å vere tilpassa norske tilhøve. Bøndene vi har snakka med har sjølv tatt initiativ til import og utprøving her til lands. Då NLR tok kontakt var dei svært villige til å dele sine erfaringar for å motivere fleire til å ta i bruk det som kanskje kan kallast framtidas fruktdoningar.

Andre produsentar