Forskningsrådet har bevilga løyvingar til prosjektet «Betre Trehelse». Prosjektet er eigd av Fruktgården AS, Oslofjorden frukt og bær er administrativt ansvarleg og NLR Viken er prosjektleiar.

Bladflekkar i plomme

Det har i dei siste åra vorte observert større problem med bladflekkar i plommefelt. Bortfall av plantevernmiddel og nærleik til skog har ofte blitt sett på som årsak til dette. Bladflekkane fører til tidleg bladfall, svakare fruktknoppar, mindre avling og inntørka greiner. Dessutan blir det eit misshøve mellom rot og topptunge tre som har kraftig skottvekst på opptil 2 meter. Trea ser også ut til å bli meir frostutsette og trelevetida blir kortare.

I prosjekt har det vorte gjort observasjonar og arbeid med blad som har hatt bladflekkar. Alt i juni kan ein finne kraftige angrep av bladflekkar på mange sortar. Det har vorte mange diskusjonar og aktuelle tiltak, men i dag har ein ingen gode svar. Heggerust-soppen som har vorte skulda for å lage haglskottsjuke har ein ikkje greidd å finna på blad med bladflekkar. Heller ikkje smitteforsøk gav bladflekkar, men blad i to privathagar vart undersøkt og på dei blada som hadde flekkar var det både heggerustsopp og Pseudomonas syringae syringa, bakterien som er årsak til bakteriekreft. Denne bakterien var det mykje meir av på blad med flekkar i prøvar frå vårt område.

Konklusjonen så langt ser ut til å vera at Pseudomonas-bakteriar er årsak til bladflekkar i plomme. Det vert arbeidd vidare med dette i 2020, også for å finna tiltak.

Plommepung 1
To plommer med plommepung i sorten "Valor". Plommene med plommepung er de to brunaktige hvor den ene har sprekt opp. NIBIO plantehelseklinikken har bekreftet av dette er plommepung.

Plommepung

Plommepung er forårsaka av soppen Taphrina pruni. Andre artar av Taphrina kan gje heksekost. Skaden er at fruktene blir lange bananlignande og utan stein. Ved kjølig og fuktig ver på våren kan dette problemet auke. Me har tidlegare ikkje sett dette på Austlandet, men ble funnet i 2019 på Valor. Mallard og Edda har vanlegvis vore mest utsette og dette kan ha samanheng med tidleg knoppbryting på våren.

Sølvglans

Soppsjukdommen sølvglans (Chondrostereum purpureum) har i seinare tid vorte ein problematisk skadegjerar i fruktproduksjonen. Soppen sit i stamme- og greinmarg, og den smittar gjennom sår i barken og på snittflater. Når sjukdommen har utvikla seg over tid, vil den koma til syne som små kjukeliknande utvekstar på overflata av døyande ved. Det vert spreidd sporar frå desse sopplekamane. Dyrkarane oppdagar ofte sjukdommen først når blada får en sølvfarget glans. Det er ikkje mogeleg å sprøyte mot sølvglans, og angripne plantedelar må fjernast heilt. Det viktigaste tiltaket er å fjerne angripne tre, ved å skjere dei helt ned til basis.

Sølvglans kan komme med plantematerialet, smitte frå andre plommetre eller frå omkringliggjande vegetasjon. Når sølvglansen har fått starta rotninga inni treverket vil det bli kjuker, kvite med lilla farge, som er smittekjelde i felta. Det er forsøkt å følgje utviklinga av kjukene, men det er mange forvirringssoppar som har gjort at dette arbeidet er vanskeleg. NIBIO driv med identifisering av dei andre soppane også.