20190301 131927
Ron Marshall, Delphy UK demonstrerer skjering av hageblåbær.

Plantetype og vekst

Hageblåbær er treaktige fleirårige planter, som kan vera enten eviggrøne eller lauvfellande. Slekta kan delast inn i 3 kultiverte artar som enkelt skiljast på plantehøgd. I vårt klima er det sortar av arten Vaccinium corymbosum, ofte kalla «highbush», som er aktuelle. Dei må vera lauvfellande kortdagsplanter og ha ekte vinterdvale. Hageblåbærplanta består av skot frå kvilande knoppar ved basis av planta. Rotsystemet til hageblåbær er svært lite, men er ofte kolonisert med mykorrhiza som aukar næringsopptaket.

2
Bileta viser døme på rotsystemet til hageblåbær

Blomsterknoppane vert danna ved tuppen på eitt år gamle skot kalla lateralar. Blomane er utforma slik at planta er avhengige av insektpollinering. Pollenet er i tillegg relativt tungt og klissete og vert i liten grad spreidd med vind. Den beste pollinatoren for hageblåbær er humler. Frå litteraturen er det sagt at arret er mottakeleg for pollen i om lag 5-8 dagar, men observasjonar kan tyda på at det kan vera snakk om så lite som mindre enn 5 dagar. Dersom pollinering vert 3 dagar forseinka vil det utgjera ein stor skilnad i total avling. Det er difor svært viktig å ha gode pollinatorar på plass ved bløming. Det er tilrådd å bruka 6-8 kubar med humler per hektar for å sikra god pollinering. Hageblåbær er ikkje heilt sjølvfertil og krysspollinering vil generelt gje betre avling og større bær.

Ein anna faktor for gode avlingar er låge nok temperaturar gjennom vinteren, men i Noreg er det truleg meir kritisk med minusgrader på våren. Ved svellande knopp på våren oppstår det skade ved temperaturar under -9˚C. Deretter vert kuldetoleransen gradvis redusert til 0˚C fram mot avbløming og fruktsetjing.

Sortar

I tabellen nedanfor er det ein oversikt over dei mest brukte sortane i England, der dei tidlegaste sortane er plassert øvst og dei seinaste sortane er plassert nedst. Dette er erfaringar basert på engelske klimaforhold og bør ikkje direkte samanliknast med norske forhold.

Blabaertabell
Tabell 1. Eigenskapar ved dei vanlegaste sortane brukt i England.

Haustekostnadar er den største kontrollerbare kostnaden i produksjon av hageblåbær. Samanlikna med andre bærslag har hageblåbær små bær og store buskar der bæra er godt fordelt. I tillegg er det låg avling per areal. Modningsperioden til bæra er den viktigaste varierande faktoren som påverkar haustekostnaden. Sortar med ein kort hausteperiode er mykje billegare å hausta. Generelt er det billegare å hausta i bulk for å sortera etterpå, framfor å hausta direkte i korga.

Draper og Bluecrop er til dømes sortar som har ein kort hausteperiode og ein bør ta sikte på å hausta 2 gongar. Draper har i tillegg fleksibelt haustetidspunkt sidan den kan henga lenger på planta utan å ta skade enn Bluecrop kan. Det bør takast sikte på å hauste 60% av total avling på fyrste hausting og dei resterande 40% på andre hausting. Haustekapasiteten ligg på om lag 7-10kg/t for desse sortane. Sjå Tabell 1 for informasjon om andre sortar.

Å pressa planter til å produsera nært til totalt avlingspotensial kan føra til ujamn produksjon og kvalitetsproblem når forhalda ikkje er optimale. Generelt er tid frå planting til akseptabelt avlingsnivå viktigare enn totalt avlingspotensial til ein sort.

Sortsskilnader

Dei fleste sortar av hageblåbær treng 7000-8000 «Growing Degree Hours» (GDH) frå knoppbryting til bløming. GDH er det same som me i Noreg kallar varmesum, berre basert på målingar kvar time framfor ein gong i døgnet. GDH som trengst frå bløming til hausting svært varierande mellom sortar (18500-34000 GDH).

Gjødsling og vatning

Hageblåbær skil seg i vekst og næringskrav frå andre bærslag i tre hovudpunkt:

  1. Hageblåbær treng eit surt (pH 4,5-5,5) vekstmedium og vil få jern- og manganmangel ved for høg pH i rotsona.
  2. Hageblåbær føretrekk størsteparten av nitrogenet som ammonium. Ved for store mengder nitrat kan veksten verta negativt påverka.
  3. Hageblåbær har eit relativt ineffektivt rotsystem. Røtene manglar rothår og er svært sensitivt for å bli ståande i vatn, samtidig som dei toler tørkestress dårleg.

Hageblåbær er tilpassa å veksa i skrint jordsmonn med svært lite biologisk aktivitet og lågt innhald av nitrat (NO3) og er betre tilpassa til å nytte seg av ammonium (NH4). Sjølv om hageblåbær kan ta opp både nitrat og ammonium, vil den ekstra energien planta brukar på å omdanna nitrat til aminosyrer føra til redusert plantevekst. Ved val av gjødsel til hageblåbær er det difor viktig å sjå på balansen mellom nitrat og ammonium i gjødsla. Forholdet mellom ammonium og nitrat bør ikkje vera under 50/50.

Hageblåbær er svært sensitiv for både overvatning og tørke. Ved dyrking i substrat og potter har planta eit avgrensa volum tilgjengeleg. Eit avgrensa volum fører til mindre lagring av vatn og næringsstoff. For å halda optimal fuktigheit og innhald av næringsstoff trengst det 6-18 vatningssyklusar kvar dag. For å unngå overvatning må mengda vatn per vatningssyklus vera liten (50-150ml/drypp). I tillegg bør det plasserast fleire drypp i same potta for å sikra jamn fordeling av vatn i heile substratvolumet. Ved potter på 30-40l er det tilrådd 4 x 1,5-2,0l/t/drypp.

Ved dyrking i jord har ein eit større volum til røtene som vil gje ein større buffer for vatn og næringsstoff. I og med at hageblåbær har eit svært lite rotsystem og dei fleste røtene finst i dei øvste 40cm av jorda og det er viktig å halda rett fuktigheit i denne sona. Ikkje for vått og ikkje for tørt. 1-3 vatningssyklusar per dag er vanleg når ein dyrkar i jord. Jord har dessutan større variasjon og det vil vera vanskelegare å oppdaga eventuelle tørre område før det har gått for lang tid. Det er lettare for at det bygger seg opp med næringsstoff til giftige mengder i jord enn i potter. Ved gjødselvatning til planter i jord er det difor tilrådd ein lågare konsentrasjon av gjødsel i vatnet, enn til planter i potter.

Skjering

Eit viktig element for å gjera produksjonen så rimeleg og stabil som mogleg er skjering. Ved skjering er det anbefalt å telje knoppane før ein begynner og bruke avlingsregistrering for å samanlikne mengde knoppar og avling. Det er anbefalt å fjerne 20 – 30 % av greinene ved skjering. Ein begynner med å fjerne låge, svake og dårleg posisjonerte greiner. Deretter fjernar ein greiner med fruktknoppar som vil hamne i skuggen og grøn ved. Ein må sørge for at det kjem nok lys inn i sentrum av planta, ho skal være relativt open i midten. Under skjeringa er det lurt å hugse på at hageblåbær ber frukt på eit år gamle greiner, ein bør derfor var litt forsiktig med å fjerne for mykje av desse. Til slutt fjernar ein svake og uhensiktsmessige skot. Bileta under viser døme på ei plante før og etter skjering.

Blabaerskjaering
Bileta viser døme på ei plante før og etter skjering.