I varmt vèr går utviklinga fort og på dei tidlegaste plassane er allereie plommene i full blom no i slutten av april. Ein må difor begynne å tenke på tynnesprøyting og det er best å vente til 1-2 dagar etter full blom før ein sprøytar.

Følg godt med på utviklinga for å få best mogeleg sprøytetidspunkt dersom ein vil nytta ATS i riktberande sortar. Vurder blomemengd, og følg med på og vurder insektaktivitet. Hugs maksimalt 1,2 kg ATS pr. daa i Opal då sorten kan vera utsett for overtynning!

Kjemisk tynning i plommer for å redusera handtynning er ei utfordring, så bruk gjerne litt tid på å tenkja gjennom strategien før bløminga er over oss. Kva felt/sortar er aktuelle å sprøytetynna, og kor hard eller forsiktig vil du vera. Hugs også på å følgja med og vurdera plantingane undervegs i bløminga. Når byrjar dei ulike sortane å bløma, korleis samsvarar blømingstida på støvsortar og hovudsort, og korleis er temperaturane og insektaktiviteten i trea? (Sjå også artikkelen i Norsk Frukt og Bær nr. 6-2015, s. 8-11 for meir om samanhengen mellom temperatur i bløminga og plommeavlingar.)

Effekten av kjemisk tynning varierer ofte mykje frå hage til hage, og frå år til år. Ein kan ikkje venta å sleppa helt unna handtynninga. Det er (nesten) alltid trong for justering. For bruk av ATS i plommer gjeld dei same reglane som for eple for å redusera faren for sviskadar (Sjå under). ATS tynnar generelt litt meir aggressivt og/eller påliteleg enn svovel.

Generelle reglar for bruk av ATS (Unngå sviskadar)

  • Dosering 1,2 – 1,5 kg pr daa (98% aktivt stoff) for fullvaksne tre
  • Sprøyt vanlegvis med ei væskemengde på 20-30 liter pr daa (maksimalt 40 liter)
  • Bland aldri ATS med spreie-/klebemiddel eller anna bladgjødsling!
  • Sprøyt ATS på tørt bladverk, pass på at det også har tørka opp mellom blomane
  • Ikkje sprøyt ATS dersom det er varsla regn den nærmaste tida
  • Ikkje sprøyt ATS når det kan ventast doggfall innan 3-4 timar
  • Bladverket må vera tørt minst 3-4 timar etter sprøyting
  • Sprøyt på dagen: kl 09.00-16.00
  • Start med å sprøyta annakvar rekkje (Køyr t.d. køyregang 1-3-5-7 osb.)
  • (Dersom mykje vind: Køyr kvar tredje eller fjerde rekkje)
  • Når du kjem til slutten på feltet, køyr tilbake til starten
  • Vent til trea er heilt tørre (For å minimera sjansen for sviskadar på bladverket
  • Start deretter å sprøyta rekkjene du ikkje var over på første runde (Køyr køyregang 2-4-6-8 osb.)

ATS i plommer

  • I Opal har ATS vist seg å ha sterk effekt, ofte for sterk. Ved slike tilhøve som i år, med mykje blom, kan det vera aktuelt å nytta ATS i Opal også, men ikkje i full dose. Maksimal dose ATS i Opal er 1,2 kg/daa!
  • Ved gode blømingstilhøve kan det vera nyttig med to ATS-sprøytingar på svært produktive sortar.
  • Tidspunktet er avhengig av vertilhøva (temperaturen). Som regel er optimalt tidspunkt full bløming (Når dei første krunblada fell av seg sjølv), men om vertilhøva er ugunstige bør ein sprøyta litt seinare i bløminga.
  • ATS fungerer ved å svi arret i blomane, i tillegg til at trea får eit sjokk som gjev meir fruktfall.

Thiovit i plommer

  • Velkjent middel, men resultata kan vera varierande. Generelt har me erfaring for at verknaden er for svak.
  • Optimalt tidspunkt mellom byrjinga av bløminga og full bløming når temperaturen er over 15°C
  • Maksimal dosering i høve til etikett, 750 g pr. 100 liter.

Praktiske tilpasningar

  • Dersom gode blømingstilhøve: Gjenta ATS-sprøytinga
  • ELLER ta ei Thiovit-sprøyting tidleg i bløminga og deretter ei ATS-sprøyting ved full bløming.

Dersom nokon ønskjer å låne tynningsvisp har vi ein i Øystese, ein på Hardanger fjordfrukt og ein på Njøs.