Bevaring ved bruk – Nye lokalsortar i engvekstene timotei, engsvingel og raudkløver

11.12.2020 (Oppdatert: 15.12.2020) Ragnhild Renna

Timotei, engsvingel og raudkløver er viktige arter i enga og til alle tider har bøndene prøvd å utvikle og tilpasse sortar som er godt tilpassa lokalklimaet. Det vart då teke utgangspunkt i dei lokale vekstene.

Innhausting av timoteifrø i forrige feltrunde. Foto Ragnhild Renna

Lokalt genutvalg

Eit prosjekt finansiert av Norsk genressurssenter har sidan 2003 hatt som mål å utvikle nye lokalsortar (landsortar, gardsstammer) i tre av våre viktigaste engvekster. Desse vekstene er grasartane timotei (Phleum pratense) og engsvingel (Festuca pratensis), og belgveksten raudkløver (Trifolium pratense). Metoden for å få til dette er enkel: Først blir dei tre artane sådd ut i blanding, deretter blir enga hausta til fôr dei neste to åra og til slutt lar ein enga stå til frø det tredje engåret. Frøet som så blir hausta blir brukt til å anlegge nytt felt på samme staden. Kvar engsyklus tek fire år, og tanken er at etter gjentatte syklusar vil artane tilpasse seg klima og driftsmåte på staden, og bli til nye lokalsortar. Denne metoden liknar på måten me fekk tilpassa norske sortar den tida engdyrking starta opp i Norge sist på 18oo-talet. Det vart brukt importert frø av sortar som ikkje var tilpassa norsk klima og engene overvintra dårleg. Ved å produsere frø på garden på overlevande planter fekk ein etter kvart sortar tilpassa norske forhold.

 

Gjennomføring

Prosjektet starta med å krysse saman breie populasjonar av dei tre artane (2003-2006). Desse var basert på innsamlingar lagra hos Nordgen, men også av moderne handelssortar. I 2007 starta den første engsyklusen med 7 engfelt. Desse felta var på 600 m² og plassert på Bioforsk-stasjonar og hos Norsk Landbruksrådgiving. I 2011 starta andre engsyklus. Totalt 15 felt vart sådd i hovedsak på vidaregåande skular med naturbrukslinje. Felta er i denne runda berre 100 m², noko som skal gjere det overkommeleg med manuell frøhausting. I Nord-Norge ligg det felt på Tana videregående skole og Sortland videregående skole avd. Kleiva. Norsk Landbruksrådgiving Nord Norge har feltansvar for båe felta. Innhausting av frø for denne feltrunden skal skje i 2022. Ansvarleg forskar i NIBIO er Kristin Daugstad på NIBIO Løken. 

 

Kart over feltlokalitetar i 2020.

 

Kilde

NIBIO Brage: Bevaring ved bruk – Nye lokalsortar i engvekstene timotei, engsvingel og raudkløver. Årsrapport 2016 (unit.no)



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.