Ingrid Fridtun

Blant alle tilsette i NLR Vest innbiller eg meg at eg er den einaste heilt utan landbruksfagleg utdanning.

Me har odel på kvar vår gard, mannen min og eg. Me hadde begge onklar utan livsarvingar, og hadde såleis beste odel. Min odelsgard vart "ledig" først, då onkelen min døde. Han sa alltid at garden ikkje var stor nok til at inntekta av garden var nok til å brødfø ein familie. Det kunne kanskje gå med to vaksne, eller at det kunne verte ein fin ferieplass med tida. Me hadde tenkt å vente med overtaking og flytting til vår yngste var ferdig med vidaregåande. Det er noko med det å kunne bu heime til ein er ferdig med vidaregåande – i alle fall når det er det ein heile tida har tenkt.

Men, livet vert ikkje alltid slik ein planlegg... brått og plutseleg vart mannen min utsett for ei stygg ulykke. Ulykka fekk verst tenkjeleg utfall – lam frå haka og ned, som seinare vart endra til lam frå halsen og ned. Respirator på heiltid og ikkje ein "tøddel" av ein muskel var i aktivitet. Sterke, flotte, gode mannen min som elska å jakte og fiske og generelt vere ute i naturen, låg no fullstendig "livlaus" i ei seng på Haukeland der det berre var augo han så vidt kunne røre.

Sjølv om me på den tida ikkje hadde overteke min odelsgard, var det likevel mykje som måtte ordnast opp i. Ingenting vart stoppa sjølv om vår verd "stoppa". Naturen gjekk sin gang med gras som skulle slåast og hus som skulle ordnast. Det var skuleavslutning og heimhenting av bortebuande skuleungdom. For ikkje å snakke om dei avtalane mannen min hadde, som eg no måtte hugse å ordne, endre eller avslutte. Livet utanfor vår verd gjekk som normalt og folk reiste på sommarferie og posta bilete i sosiale medium av seg og familien på diverse ferieplassar eller frå ulike toppturar – alt gjekk som vanleg ute i den store verda.

Som normalt kom det diverse fakturaer. Verken innloggingsrutine eller passord til banken kunne mannen min formidle til meg. Men; han hadde tidlegare drege meg med til sin kontaktperson ("Mari") i sin bank for at Mari skulle kjenne oss begge - og omvendt. Dette vart redninga mi der og då; at eg hadde kjennskap til banken til mannen min (me har kvar vår bank). Slik visste eg kven eg skulle ta kontakt med. Eg kunne sende ein e-post til Mari og fortelje kort at noko hadde skjedd og at eg trong å få betalt nokre fakturaer. Sidan eg nett hadde vore student (i vaksen alder), så var min bankkonto noko slunken – den inneheldt ingen sekssifra sum, eller femsifra for den del. Betaling av fakturaene ordna seg greit, og etter kvart som inkassovarsla kom i postkasssen heime, fòr eg i banken og fekk dei betalt. Det var heldigvis ikkje så lenge denne situasjonen pågjekk, då mannen min etterkvart fekk formidla både innloggingsprosedyre og diverse passord slik at eg kunne logge meg på med hans brukar. Då klarte eg også å hindre ein del inkassovarsel sidan det var ein heil bråte av fakturaene som kom digitalt. Å bli kjend med banken (les: Mari) til mannen min gjorde det lettare for banken å hjelpe då eg tok kontakt og trong deira hjelp. Gull verdt med lokalbank med ekte personar på jobb 😊

I den situasjonen skulle eg ynskje at eg hadde involvert meg meir med det mannen min dreiv med. Om enn ikkje direkte i sjølve arbeidet eller utføringa - men kva og korleis ting vart gjort og kva løysingar som vart brukt. Eg trur det då hadde vore lettare for meg å plukke opp tråden i alle dei ulike tinga eg måtte ordne opp i, eller ta stilling til. Heldigvis så overlevde mannen min og tilstanden betra seg, så eg slapp å ta stilling til alle ting heilt åleine så veldig lenge.

Eg kan berre tenkje meg korleis det er for dei som misser sine kjære. Då vert alt av bankkontoar stengt og eit heilt anna system satt i sving. Utfylling og underskrift av diverse skjema – samt at ein bør ha oversyn over ulike ordningar ein har, så som avtalar og forsikringar både som privatperson og gardbrukar. For ikkje å snakke om eigedomsgrenser eller kvar dei ulike teigane er. Kva rettar og plikter høyrer til garden? Eller, korleis er det administrative ved garden handtert? Kva tidsfristar har ein å forhalde seg til? Og mykja anna...

Som ein del av administrasjonen i NLR Vest får eg av og til telefon frå fortvila medlemar som av ulike årsaker ikkje har betalt faktura frå oss. Det har kanskje komme både betalingspåminning og inkassovarsel, og det er jo slike ting me ikkje vil ha i postkassen vår. Likevel går livet sin gang uten å ta omsyn til den einskilde sin situasjon.

Eg forstår godt kva ein fortvila livsepoke er - kor "lammande" livet kan vere, og kor seigt det er at ein må involvere andre i sin situasjon, berre for å henge "i hop" som menneske. Men av og til er det naudsynt å involvere andre, uansett kva det er, enten det er økonomien, garden eller det personlige.