Det nye rådgivingstilbodet frå NLR innan fornybar energi vart presentert på Agroteknikk 2021. AgroTV laga dette innslaget:

Vi tilbyr bistand frå avklaringsprosess til ferdig anlegg

Det er fleire forhold som talar for produksjon av fornybar energi på eige gardsbruk. Økonomisk lønnsemd og redusert klimaavtrykk er to av dei.

Det er viktig å rådføre seg grundig ved eit slikt tiltak. Både fordi det er fleire føresetnader som må vere på plass, og fordi det kan dreie seg om vesentlege investeringar. NLR har derfor utvikla og tilbyr rådgjevingsteneste innan fornybar energi der vi kan bistå deg frå avklaringsprosess til ferdig anlegg.

Våre rådgivarar kan hjelpe til med planlegging innan:

  • Solcelle eller solvarme
  • Varmepumpe
  • Biovarme - flis eller ved
  • Biogass

Vi gir deg tryggleik i vala dine

Har garden din føresetnadene for lønnsam energiproduksjon? NLR førsteråd fornybar energi gir deg eit godt grunnlag for å vurdera om dette er noko du bør satse på. Dersom det er aktuelt å gå vidare kan vi tilby bistand til mellom anna:

  • Forprosjekt (mest aktuelt for biogassanlegg)
  • Utforming og prosjektering av anlegg
  • Søknader om finansiering
  • Kontrahering av anlegg
  • Søknader til offentlege instansar
  • Byggeleiing og kontroll
  • Faglige vurderingar vedrørande kvalitet av biorest
  • Aktuelle avtaleverk (t.d. ved leveranse av husdyrgjødsel og mottak av biorest)
Biogass foto Sparebank1 SMN 1
Gardsbiogassanlegg hos Inge Hoemsnes vest for Molde. (Foto: Sparebank 1 SMN)

Biogass i Hustadvika

Martin Toreli frå Hustadvika kommune i Møre og Romsdal er engasjert i fleire biogassprosjekt inkludert eitt som skal byggast på heimgarden der sonen Morten har teke over drifta.

Landbruk Nordvest, som er ei eining i NLR, har vore, og vert brukt, til forprosjektering av fleire av desse anlegga.

− Det er fyrst og fremst til vurdering av råstoff, utrekning av produksjon og økonomi samt ikkje minst agronomi knytt til spreiing av biorest på åker det er behov for landbruksrådgivinga, seier Toreli, og legg til:

− I tillegg kjem planlegging av logistikk samt dokumentasjon både for vurdering av anlegg og til bruk overfor det offentlege.

Toreli er nøgd med den hjelpa han har fått, og legg heller ikkje skjul på at han har lært mykje sjølv gjennom samarbeid med landbruksrådgivinga.

− Mitt råd er elles å reise ut for å sjå og lære tidleg i prosessen, seier han. Sjølv har han vore på fleire studiebesøk både i Noreg og Danmark der dei har lang og omfattande erfaring med produksjon av biogass.

Martin Toreli Foto Bjorn Steinar Skarbo
Martin Toreli (Foto: Bjørn Steinar Skarbø)
Flishogger foto svein skoien
Flishogger i aksjon (Foto: Svein Skøien)

Biovarme i Viken

− Eg fekk hjelp av NLR til teikningar, kalkulasjonar og søknaden til Innovasjon Norge om eit flisfyringsanlegg. NLR har førstehandskunnskap, kjenner prosessen og veit korleis ein søknad skal formulerast og kva utrekningar som skal gjerast. Vi fekk det vi søkte om, så betre går det ikkje an å gjera det, seier Jarle Storaas som er bonde og medlem i NLR Østafjells.

Jarle Storaas Foto Tarand Krogvold
Jarle Storaas (Foto: Tarand Krogvold)

Kontakt oss!

NLR har etablert to rådgivingsteam som kan bistå deg dersom du ynskjer hjelp med avklaring eller planlegging av anlegg for fornybar energi. Teama dekker heile landet.

Team Biogass treffast på telefon 41 44 87 79.

Team sol, varmepumpe og bioenergi treffast på telefon 90 67 14 86.

Les meir og bestill rådgiving på nlr.no/vare-tjenester/energi