Kvar kunnskapen om at pukk og geoduk er filtermateriale kjem frå og kvifor det blir framstilt som det beste, er uviss. Er det entreprenørene sitt ynskje om å selje dyre varer som rår? Ut frå teori og erfaring har korkje pukk eller duk noko i ei dreneringsgrøft å gjera.

Filterevne må harmonisere med jorda

Eit filter må ikkje vera så grovt at korna i jorda (basismaterialet) kan vaskast ut gjennom porene i filteret (erosjonssikring).

På den andre sida bør ikkje filteret vera for finkorna og for tett i høve til basismaterialet. Erfaring tilseier at permeabiliteten i filtermaterialet bør vera tilnærma 10 gonger permeabiliteten i basismaterialet.

Dårlig filtermateriale gir tette grøfter

Pukk har ikkje evne til å filtrere den drenerte jordarta og drensrøyra og pukkfilteret kan gå tett etter stutt tid. Vi har sett slike løysingar har slutta å fungere etter berre eit par års tid.

Geoduk kan kjøpast i mange versjonar med ulik, men med ein og same porestørrelse. Duken vil etter kvart gå tett med dårleg fungerande grøfter som resultat.

Sagflis frå sirkelsag

Det er framleis godt gradert grus (0,2-6 mm) og sagflis frå sirkelsag som er dei beste filtera. Tepperøyr kan vera eit alternativ der det er svært einsarta jord over større områder. Hugs i så fall sikteprøve for å avgjera porestørrelse på tepperøyret. Dei blir forhandla i fleire typer.