Når vi har gjort ting mange nok gonger, går det nesten av seg sjølv, og vi tenkjer ikkje på at andre ikkje ser logikken i korleis ein ting skal gjerast, utan at det er farleg eller skadeleg. Arbeidsmiljølova stiller krav til opplæring på ulike nivå, alt etter risiko og faregrad. Ungdomar som har sommarjobb i landbruket har generelt lite arbeidserfaring, difor krevst det opplæring også i heilt enkle ting som bruk av rive og høygaffel.

Generell opplæring

Opplæring i korleis ein skal arbeide med eller utan reiskap på ein fornuftig måte er viktig. Skal du snu kverv med rive eller jamne med gaffel i siloen er det opplæring i arbeidsteknikk som er viktig, korleis halde riva eller gaffelen og jobbe med reiskapen utan å få blemmer eller belastningsskadar, og unngå å stikke seg sjølv. Rutinar for korleis ein set frå seg reiskap bør og vere ein del av opplæringa. I tillegg er det sjølvsagt viktig å gje opplæring om gassfare i silo!

Den som skal plukke bær eller frukt må lære om arbeidsteknikk, gode arbeidsstillingar, og at du ikkje kan plukke jordbær som du plukkar småstein. Det er og viktig at arbeidstakarar forstår at for å halde ein heil dag, så må ein finne ein rytme i arbeidet, og ein må ha regelmessige pausar med inntak av mat og drikke. Sjølvsagde ting? Ja, for den som kan det og har jobba før!

Dokumentert opplæring

Opplæring skal dokumenterast når du som arbeidsgjevar vurderer at risikoen med eit arbeid eller ei maskin kan medføre fare for liv og helse. Ein skriv då under på at opplæringa har tatt føre seg brukseigenskapar, bruksmåtar, verkemåte, sikkerheit, rutinar for bruk, verneutstyr og vedlikehaldsbehov. Som erfaren bonde vil du i dei fleste tilfelle vere kompetent til å gje denne opplæringa sjølv. Dette kan omfatte plenklippar/traktor, motorisert slåttereiskap, traktor med ulikt tilkopla utstyr, silotalje, fôringsmaskin, spikarpistol, høgtrykksvaskar, mm.. Er du usikker på om opplæringa er god nok, så les bruksrettleiinga! Stillasbygging krev kurs i regi av kompetent person, men hugs at også den som brukar stillas skal ha opplæring.

Sertifisert opplæring

Krev eigne kurs, eller sertifikat, gjennomført av sakkunnig verksemd. Gjeld ATV, truck, minilastar over 15 kW, hjullastar, traktor, større gravemaskiner. For ATV er det også krav at denne skal vere registrert.

God og relevant opplæring har berre vinnarar: god kvalitet på arbeid og produkt, mindre risiko for skadar og ulukker, og nøgde arbeidstakarar som meistrar jobben.

Ta kontakt med ein av våre HMS-rådgjevarar dersom du har spørsmål om opplæring.

God sommar!