Dessverre er forutsetningane så ulike at noko klart råd er vanskeleg å gi. Men me kan gjera eit lite reknestykke. Det er absolutt fleire måtar å gripe dette på, men ein av desse er å sjå kva som er alternativet.

Veldig mange har ikkje meir fôr enn det dei treng, og for deg er kjøp av fôr, anten grovfôr eller kraftfôr stort sett eit meir lønnsamt enn å redusera driftsomfanget. Viss det lar seg gjera, og kjøpt fôr er rimelegare enn eige fôr, bør dette absolutt vurderast.

Tal me har frå grovfôrprosjekt viser at variasjonen er stor, men at dyktige bønder med nokolunde arrondering fint klarer ned mot 2 kr/FEm. Snittet for heile landet i Grovfôr2020 var 2,70. Spennet er sjølvsagt stort, men likevel antar me at ein stor del av bøndene me er i kontakt med har ein grovfôrpris godt under kraftfôrpris på 4,00 til 4,50.

Utgjer ikkje så mykje som ein trur

Men korleis gir auka pris på kunstgjødsel utslag på grovfôrprisen? Både i Grovfôr 2020 og i eit lokalt prosjekt på Hauglandet utgjer kunstgjødselkostnaden i snitt 1/6 (om lag 16%) av grovfôrkostnaden. Gjødselprisane har stige siste året og dermed vil denne nå utgjera meir enn når utrekningane er gjort. Nitrogengjødsla har snart dobla seg, og ein ser ikkje vekk frå at det same kan skje med Fullgjødsla etter nyttår.

Dermed kan me i dette eksempelet ta utganspunkt i dobling av mineralgjødselkostnaden, og dermed legge 16 % til grovfôrprisen. Til dømes vil dette auke prisen frå 2,70 til 3,13. Har ein noko høgare pris, til dømes 3,70 vil ein etter dette rekneeksempelet ha ein pris på 4,30.

Gjodselsekk BKD

Ikkje reduser gjødselstyrke utan videre

Kva seier så dette oss? Treng ein fôret, og har i utgangspunktet klart å produsere grovfôret til ein fornuftig pris vil ikkje doblinga av mineralgjødselpris i seg sjølv gjera at det er meir lønsamt å redusere mengda og basere seg i større grad på innkjøpt fôr. Det er viktig å hugse på at så lenge mineralgjødsla er med på å sikre god avling, er gode avlingar eit av dei viktigaste tiltaka for å halda god økonomi i fôrproduksjon. Dei største kostnadane i grovfôrhaustinga er tross alt faste.

Rekneeksempel har si begrensning. Derfor er det viktig at du sjølv tenker over korleis situasjonen er på din gard og om du bør redusere gjødslinga eller ikkje. Me rådgivarar er gjerne med å finn ut kva som er rett hjå deg!

Facebook cover photo u jordbor

Ein god gjødslingsplan krev kloke hovud

Med gjødslingsplan fra NLR får du gode råd på veien. Vi ser helheten i dine skifter og gir rådene du trenger for økt avling, god kvalitet og bedre lønnsomhet. Vi kan husdyrgjødsel og mineralgjødsel, har den faglige kunnskapen og den lokale kjennskapen som gjør din gjødslingsplan til et agronomisk fortrinn.

Les meir!