Kva er erfaringane til dei som har tatt beitesystemet i bruk? NLR Vest har snakka med tre brukarar for å lære meir om Nofence og praktisk bruk og erfaringar.

Nofence har fått mykje merksemd i media og har etter kvart blitt eit kjent namn og produkt blant husdyrhaldarar på Vestlandet. Korleis fungerer det? Vel, ved hjelp av klaver på dyra som gjer lydsignal og eit lite straumstøyt, samt ein smarttelefon med ein app, kan du virtuelt gjerde inn dyra. Du kan da teikne inn/markere på kartet kvar «gjerdet» skal gå. Klaven kjenner igjen gjerdemarkeringa og dersom dyret nærmar seg det virtuelle gjerdet, vil klaven først gje frå seg ein lyd. Viss dyret ikkje respekterer lyden, vil den til slutt få eit støyt. Pr dato er systemet i sal for storfe, geit og sau. Systemet er funne opp i Noreg og det er det norske firmaet Nofence eksporterer no til store delar av verda.

Tore sparer tid

Tore Vikane er mjølkeprodusent frå Ølve i Kvinnherad kommune. Vikane ser som mange andre bønder at det er utfordrande å få tida til å strekke til. Gjerdearbeid er både tids- og arbeidskrevjande, derfor såg Tore at Nofence kunne vere til hjelp. Han sparer mykje tid på å teikne opp eit gjerde på telefonen. Nofence gjer det også mogeleg å ta i bruk beite som elles ikkje ville vorte brukt. Nofence har også funksjon for å spore dyra. Dersom dyra er på eit stort beite eller har klart å komme seg utanfor det virtuelle gjerdet, er dei lettare og raskare å finne att med sporingsmekanismen. Kjem dyra seg utom eit virtuelt inngjerda beite, kan du endre området slik at dyra kjem innføre gjerdet igjen.

Dyra må lærast opp

Opplæring av dyra er viktig. Til det har Tore eit vanleg gjerde utom det virtuelle gjerde - slik at dyra lærer seg å respektere lyden av klaven. Alle dyr har så langt lært seg systemet greitt. I tillegg er det lurt å bruke naturlege grenser i terrenget saman med det virtuelle gjerdet. Unngå til dømes å ha et gjerde i ei bratt kneik der det er vanskeleg for dyra å stoppe opp.

Batteritid

Dei bøndene vi har snakka med erfarer alle at den nyaste modellen Nofence har betre batterikapasitet enn tidlegare modellar. Dersom dyra går i ope lende, varer batteriet heile beitesesongen. Går dyra inne i ein del skog, kan det være behov for å byte batteri. Tore Vikane som har storfe, bruker fôringsplass med fanghekk til denne jobben og synest det går greitt. På eldre modellar av Nofence har det vore behov for å byte batteri fleire gonger i sesongen.

Nofence på fjellbeite

Borghild Øyna frå Haugalandet driv med sau og har Nofence på sine 70 sauer på fjellbeite. Ho har ikkje brukt Nofence på heimebeiting. Borghild har sauene sine på Hardangervidda, inntil RV7. Med Nofence kan ho halde sauen unna vegen -og dermed redusere faren for at den blir påkøyrd. I andre deler av beitet er det urer der sau tidlegare har gått seg skårfast. Etter at Borghild gjerda desse områda ute med Nofence har ikkje det vore noko problem. Dersom sau skulle kome seg utom inngjerda område nyttar ho og seg av høvet til å flytta grensa på området litt. Første sesongen med Nofence gjekk sauene utan vanleg bjølle. Bonden erfarte då at lamma ikkje følgde sauen så godt, derfor festa ho året etter vanlege bjøller på i tillegg.

Nøgd sjølv med varierande dekning

Solveig Håland i Hålandsdalen i Bergen kommune nyttar Nofence på 50 storfe. Dei fyrste åra hadde ho utfordringar med batterilevetida, men etter at ho tok siste modell i bruk, er batterilevetida tilfredsstillande. Solveig driv òg med sau og ønskjer å bruke Nofence på sauen i framtida, sidan ho har gode erfaringar frå storfe. På grunn av terrenget er det i somme område dårleg dekning for mobil og satellitt. Dermed får ikkje klavane oppdatert seg under bruk. Slik mistar bonden noko funksjonalitet. Solveig kan derfor ikkje flytte grenser i sesongen. Sporingsfunksjonen er òg til god nytte ved tilsyn og sanking. Solveig er nøgd med servicen og tilbakemeldingane frå Nofence.

Løner det seg?

Her er eit eksempel på prisar henta i skrivande stund frå Nofence sine nettsider. Alle prisar er inkludert moms.

Tal dyr (småfe)

60

stk

Pris pr klave

1 850

kr

Pris for klavar totalt

111 000

kr

Beitesesong

124

dagar

Bruksdøgnpris/årsavgift pr klave

391

kr

Pris på klavar fordelt på 6 år, med 4% rente

21 175

kr/år

Bruksdøgnpris/årsavgift pr sesong

23 460

kr

Årleg pris for bruk av 60 klavar

44 635

kr

Til samanlikning kan du til same pris få kjøpt ca. éin km med gjerde og stolpar (pluss arbeid), så då lyt du vurdere kva som er rett investering for deg og ditt bruk. Dei tre vi har snakka med er sikre på at deira val har vore rett.

SITAT: Nofence gjer det mogeleg å ta i bruk beite som elles ikkje ville vorte brukt.

SITAT: Ved sanking er òg Nofence til god hjelp.