Det åpne landskapet er skapt gjennom årtusen med kontrollert brenning og beiting. Kystlynghei er ein naturtype som er trua av gjengroing dersom den ikkje lenger er i bruk. Dei siste åra har det blitt sett inn økonomiske verkemiddel for å stimulera til auka bruk av utmark generelt og lyngmark spesielt.

Når utmarka gror igjen er det ofte brake (einer) som overtar. Tette brakebelter, særleg nær bebyggelse, gir stor brannfare ved villbrannar. Eit åpent landskap er derfor òg brannforebyggande.

Lyngmark og åpent landskap kjem i tillegg positivt ut i klimarekneskapet.

Tenning langs ein sti brenning oppover Lilland Foto Anna Marie Gjerdrem
Tenning langs ein sti, brenning oppover. Lilland Foto Anna Marie Gjerdrem
Lauvblasar blir brukt for a kontrollera brenninga Lilland foto Anna Merie Gjerdrem
Lauvblåsar blir brukt for å kontrollera brenninga - Lilland. Foto Anna Marie Gjerdrem

Stort engasjement på lyngbrannseminarseminar

For fjerde gong blei det arrangert lyngbrannseminar på Haugalandet, den 26. november. Dette er eit samarbeid mellom Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Haugaland lyngbrannreserve, Høgskulen på Vestlandet (prosjekt Dynamic) og Haugaland Brann og Redning IKS. Seminara har vore viktige treffpunkt mellom lyngbrennarar og brann-etatar og hatt betydning for det aktive lyngbrennarmiljøet på Haugalandet.

Alle presentasjonane frå seminaret ligg tilgjengelege i pdf-format. Det blei òg tatt filmopptak som ein kan finna i her. Bla deg fram til dei delane av programmet du har interesse av å sjå. Rekkefølga er som programmet under.

Kristine Birkeli viser kva betydning ulike naturtypar har for CO2 lagring
Kristine Birkeli - viser kva betydning ulike naturtypar har for CO2-lagring

Velkommen ved ordførar i Tysvær, Sigmund Lier.

Vi brenner for Haugalandet.

Lyngbrannledere rapporterer frå sine områder.

Status for kurs og nye brenneplaner. Ove Stumo, Haugaland Lyngbrannreserve.

Illustrasjon ved Annlaug Fludal, Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland.

Kystlyngheia – nytte for det økologiske mangfoldet.

Kristine Birkeli, Universitetet i Bergen.

Lyngskjøtsel, våre støtteordningar og prioriteringar.

Kristian Wilèn Haaland, Statsforvaltar Rogaland, miljøavdelinga

Øyvind Vatshelle, Statsforvaltar Vestland, landbruksavdelinga

Håndtering av villbrannar.

Kan brannvesenet lære av lyngbrenneren? Ove Stumo, Haugaland Lyngbrannreserve.

Erfaring frå skogbranntroppane i Telemark. Ove Stokkeland, Skien Brannvesen.

Sotra-brannen. Hva skjedde? Hvordan forebygge slike branner?

Seksjonsleder Jarl Martin Hestad, Øygarden Brann og Redning.

Villbranner – risikovurdering og tiltak (DYNAMIC).

Resultater så langt. Torgrim Log, Høgskulen på Vestlandet.

Tiltaket er støtta økonomisk med midler fra Miljødirektoratet / Statsforvaltar i Rogaland og Vestland og Norges Forskningsråd, prosjektnr. 298993 (DYNAMIC)

Planlegging av lyngbrenning Lilland foto Anna Marie Gjerdrem
Planlegging av lyngbrenning Lilland foto Anna Marie Gjerdrem
Brenning pa Lilland Valhest nord april 2021 foto Anna Marie Gjerdrem
Brenning på Lilland, Valhest nord april 2021 - foto Anna Marie Gjerdrem