Sjølv om blomsterinduksjon i hovudsak er bestemt av daglengde og temperatur, kan også tidspunkt for gjødsling påverke antal blomsteranlegg om hausten. Saga er ein sort med relativt få blomster, og det kan derfor vere interessant om ein kan auka tal blomster gjennom gjødslingspraksisen om hausten. Forsøka er finansiert gjennom NLR Grøntsatsing.

Forsøksplan

Det var lagt ut to forsøk i to etablerte Saga-felt, eit i Valldal og eit i Stange hausten 2020. Det vart gjennomført tre behandlingar, kontroll, start gjødsling veke 36 og start gjødsling veke 34. I dei behandla ledda vart det gjødselvatna med 0,5 kg N per dekar kvar veke i forsøksperioden. I Valldal vart antal blomsterklasar og blomster på ti planter i kvar rute registrert i juni 2021, i Stange berre blomsterklasar. Det var stor skade av jordbærsnutebille i begge felt, men det vart forsøkt å rekne også avbitne knoppar/blomster.

Resultat og diskusjon

I begge felta viste teljingane fleire blomster og blomsterstandar i gjødsla ruter enn i ugjødsla, men resultata er ikkje signifikante. I feltet i Valldal har tidlegaste gjødslingsstart gitt 28 % fleire blomster enn ugjødsla (fig. 1), dette er betydeleg i Saga som har relativt få blomster. Dei gjødsla rutene har også gitt fleire blomsterstandar enn ugjødsla, forskjellane er litt større i Valldal enn i Stange. Våre forsøk støttar tidlegare undersøkingar med positiv respons for haustgjødsling, sjølv om dei ikkje er signifikante. For sorten Saga har det i desse forsøka på våre breiddegradar gjeve positive utslag for å starte gjødselvatning i veke 34.

Blomsterinduksjonen for vanlege jordbærsortar startar ved ca. 15 timar daglengde dvs. i slutten av august her i Sør-Norge. Tidlegare forsøk har vist at gjødsling ca. 1 veke etter at plantene har starta danninga av nye blomsteranlegg gir flest blomster og størst avling året etter, men dette er også avhengig av sort, vasstilgang, næringstilstanden i jorda frå før, temperaturar og så vidare. Viktig å merke seg er at dersom plantene lir av mangel på eitt eller fleire mikronæringsemne, kan dette hemme blomsterdanninga sjølv om ein tilfører nitrogen i rike mengder. Bladprøver kan gje ei god oversikt over status i plantene. I ein sort som Saga kan vi gjerne ha fleire blomster og bær. Verknaden vil også avhenge av gjødslingsmetode, gjødseltype og andre næringsstoff. Med gjødselvatning vil ein få rask effekt, men brukar ein tørrgjødsel kan det gå mange dagar før denne er oppløyst og når fram til røtene.

Skjermbilde 2022 04 09 kl 05 51 17
Fig. 1. Tal blomster per plante i jordbærsorten Saga i Valldal i høve til gjødsling hausten før.